Verdscuprenna i alpine greiner 2007 i Kvitfjell vart avvikla helga 10. og 11. mars i Ringebu i Oppland. Renna omfatta eit utforrenn og ei vidlåm (super-g) for karar.
Sveitsaren Didier Cuche sigra i sitt sjette av i alt 21 renn i verdscupen i alpine greiner, medan Hans Grugger frå Austerrike stod øvst på sigerspallen for fjerde og siste gong i ei verdscuptevling.
Lars Elton Myhre var best av dei norske med ein tiandeplass i utforrennet, plassen føre Aksel Lund Svindal.
Utfor Plass Utøvar Land Tid 1 Didier Cuche 1.28,51 2 Erik Guay 1.28,57 3 Marco Büchel 1.28,80 4 Michael Walchhofer 1.28,84 5 Peter Fill 1.28,94 6 Johan Clarey 1.29,20 7 Didier Défago Bruno Kernen 1.29,25 9 Werner Heel 1.29,27 10 Lars Elton Myhre 1.29,30 Dato: 10. mars
Vidlåm Plass Utøvar Land Tid 1 Hans Grugger 1.29,57 2 Mario Scheiber 1.30,29 3 Didier Cuche 1.30,48 4 Michael Walchhofer 1.30,51 5 Hermann Maier 1.30,52 6 Bruno Kernen 1.30,53 7 Marco Büchel Bode Miller 1.30,55 9 Fritz Strobl 1.30,57 10 Hannes Reichelt 1.30,62 Dato: 11. mars
Kjelder Dagsavisen, 11. mars 2007 Dagsavisen, 12. mars 2007
Kategori:Verdscupen i alpine greiner Kategori:Idrettstilskipingar i Innlandet Kategori:Sport i 2007 Kategori:Idrett i Ringebu