Suleqatigiissitsisut (dansk: Samarbejdspartiet) er eit grønlandsk liberalt parti. Det vart grunnlagt i mars 2018 av Inatsisartut-representantane og , begge tidlegare medlemmar av Demokraatit.

Partiet går inn for økonomisk liberalisering og privatisering av dei store offentleg eigde selskapa som dominerer den grønlandske økonomien.

Suleqatigiissitsisut støttar auka samarbeid innanfor riksfellesskapen, auka innvandring til Grønland og betre integrering og inkludering av innvandrarar og minoritetar. Ei anna hovudsak for partiet er meir støtte til sosialt sårbare grupper, særleg seksuelt misbrukte barn og ungdom.

Partiet stilte til det grønlandske parlamentsvalet i 2018 og vann eitt mandat med 1 193 røyster. Ved valet i 2021 miste partiet det einaste mandatet sitt.

Kjelder

Denne artikkelen bygger på «Cooperation Party» frå , den 19. januar 2026.

Bakgrunnsstoff

Kategori:Grønlandske politiske parti Kategori:Skipingar i 2018