Joan Trimble () var ein irsk komponist og pianist frå Ulster. Ho studerte ved Royal Irish Academy of Music og Royal College of Music i London, og ho og syster hennar opptredde i mange år som pianoduo. I seinare år arva ho avisa til far si, og verka som aviseigar og redaktør.
Bakgrunn og familie Joan Trimble vart fødd i Enniskillen i County FermanaghIreland Civil Registration Births Index 1864-1958: Marie DOWSE, June quarter 1887, Dublin; vol 2, p673. ('Maria' in index) (no i Nord-Irland) som dotter av William Egbert Trimble, eigaren av The Impartial Reporter, ei av regionalavisene i Ulster, og Marie DowseIreland Civil Registration Births Index 1864-1958: Marie DOWSE, June quarter 1887, Dublin; vol 2, p673. ('Maria' in index) frå Dublin. Joan voks opp i ein musikalsk heim; mor hennar var ein solofiolinist frå ein musikarfamilie i Dublin, der alle elleve borna hadde gått på Royal Irish Academy of Music, og far hennar var ein bassbaryton og ein kjend folkesongsamlar. Ho gjekk på Enniskillen Royal School for Girls, der ho var den fyrste som var Head Girl. I 1931 byrja Joan og systera Valerie (1917-1980) å studera ved Royal Irish Academy of Music i Dublin.
Joan studerte komposisjon med John F. Larchet og vann eit stipend til University of Dublin, som ho gjekk ut frå med ein BA i 1936. Ho fekk piano-, fiolin- og komposisjonsstipend og studerte piano med Annie Lord og musikk ved Trinity College Dublin (BA 1936, BMus 1937). I 1936 valde tenoren John McCormack henne til å spela piano-solo under ein av turneane sine. Ho flytta til London og blei som systera student ved Royal College of Music. Her var mentoren hennar den australske komponisten og pianisten Arthur Benjamin, medan ho studerte komponistskap med Herbert Howells og Ralph Vaughan Williams.Ireland Civil Registration Births Index 1864-1958: Joan Trimble; Sept quarter 1915, Enniskillen; Vol. 2, p. 57.
I juni 1942 gifta Joan Trimble seg med John Greenwood Gant i London.Ireland Civil Registration Births Index 1864-1958: Joan Trimble; Sept quarter 1915, Enniskillen; Vol. 2, p. 57. Han var offiser i Royal Army Medical Corps. Dei fekk ein son og to døtrer.
Karriere Joan komponerte totalt 24 verk i ein kreativ karriere på tjue år, inkludert Buttermilk Point (1938), arrangement av irske folkesongar (1939-40), Sonatine for to piano (1940), The Heather Glen (1949) og ein Suite for Strings (1951). Phantasy for piano trio (1940), som ho skreiv etter eit forslag frå Vaughan Williams, vann Cobbett-prisen for kammermusikk og Sullivan-prisen for komposisjon. The County Mayo (1949) var ein uvanleg kombinasjon av to piano og barytonrøyst, eit forslag frå songaren Robert Irwin. Tingingar for BBC inkluderte Ulster Airs (1939-40) for BBC Northern Ireland Orchestra og Erin Go Bragh, ein marsj-rapsodi for brassband (1943). Arrangementet hennar for røyst og orkester av «How Dear to Me the Hour» vann Radio Éireann Centenary Prize i 1953.Ireland Civil Registration Births Index 1864-1958: Marie DOWSE, June quarter 1887, Dublin; vol 2, p673. ('Maria' in index)
I 1957 tinga BBC ein opera av henne, og ho valde Blind Raftery (1924) av Donn Byrne, ei soge om ein vandrande irsk skald i Vest-Irland på 1600-talet. Ho bad Cedric Cliffe, som hadde arbeidd med Arthur Benjamin, skriva libretto. Dette var den andre operaen som BBC bestilte for TV, og han var den fyrste TV-operaen skriven av ein kvinneleg komponist.Ireland Civil Registration Births Index 1864-1958: Marie DOWSE, June quarter 1887, Dublin; vol 2, p673. ('Maria' in index)
Mellom 1959 og 1977 var Trimble professor akkompagnement og musikarskap ved Royal College of Music.
Pianoduo Trimble fekk først merksemd ved å spela med systera Valerie i ein pianoduo som vann fyrsteprisen på ein musikkkonkurranse i Belfast i 1925.Ireland Civil Registration Births Index 1864-1958: Marie DOWSE, June quarter 1887, Dublin; vol 2, p673. ('Maria' in index) Joan komponerte seinare verk for to piano som dei spelte saman, inkludert Sonatina (1940). Systrene hadde den fyrste profesjonelle konserten sin som duo om kvelden 28. september 1938, på Royal College of Music i London, då Storbritannia var i ferd med å erklæra krig mot Tyskland. Ein person i publikum sa at han hadde kome for å høyra dei «fordi det kunne vera den siste musikken han nokon gong ville høyra.»Ireland Civil Registration Births Index 1864-1958: Marie DOWSE, June quarter 1887, Dublin; vol 2, p673. ('Maria' in index) Dei spelte tre av Joan sine nye komposisjonar, Buttermilk Point, The Bard of Lisgoole og The Humours of Carrick, Arnold Bax sitt irske tonedikt for to piano, Moy Mell,Ireland Civil Registration Births Index 1864-1958: Marie DOWSE, June quarter 1887, Dublin; vol 2, p673. ('Maria' in index) og den firehendige Jamaican Rumba, som var skrive for dei av Arthur Benjamin for debutkonserten. Det var Benjamin som hadde oppmuntra Joan og syster hennar, som hadde cello som hovudinstrument, til å spela piano saman, og dei blei kjende for dette stykket.
Under andre verdskrigen arbeidde systrene som frivillige sjukepleiarar for Raudekrossen i London og spelte også jamleg på BBC, på Dame Myra Hess sine National Gallery lunchtime-konserter og på BBC sine promenade-konsertar. Den fyrste av dei mange prom-konsertane deira var i 1943, og pianoduettane deira blei kringkasta i mange år på BBC-radioprogrammet Tuesday Serenade. Repertoaret deira var breitt og inkluderte Arnold Cooke, Dallapiccola, Stravinskij og Kenneth Leighton, og dei hadde også premiere på dei firhendige klaverkonsertane til Arthur Bliss og Lennox Berkeley. På byrjinga av 1950-talet heldt dei den britiske premieren på ein av Mendelssohn sine firhendige klaverkonsertar i A-moll.
Systrene fortsette å opptre offentleg fram til 1970.Ireland Civil Registration Births Index 1864-1958: Marie DOWSE, June quarter 1887, Dublin; vol 2, p673. ('Maria' in index)
Ærestilvisingar Trimble blei æra av Royal College of Music i 1960 og Queen's University Belfast i 1983. Frå 1981 til 1985 var ho i styret til Ulster Television, og frå 1983 til 1988 var ho medlem av den rådgjevande komiteen til Arts Council of Northern Ireland. I 1985 fekk ho det sjeldne stipendet til Royal Irish Academy of Music. I 1985 kringkasta BBC Radio 3 ein konsert for å feira 70-årsdagen hennar, som mellom anna inkluderte den fyrste framføringa sidan 1957 av komposisjonen hennar for baryton og to piano, The County Mayo.Ireland Civil Registration Births Index 1864-1958: Marie DOWSE, June quarter 1887, Dublin; vol 2, p673. ('Maria' in index)
I 1990 tinga Arts Council of Northern Ireland Three Diversions for Wind Quintet frå henne i høve 75-årsdagen hennar.
Musikkstil Joan Trimble hadde ei djup og akademisk interesse for irsk tradsjonsmusikk, og verka hennar hadde djupe irske røter. Ho kombinerte impresjonistisk harmonispråk ho hadde lært frå studiane med Annie Lord med melodiske og rytmiske modulasjonar avliedde frå irsk tradisjonsmusikk. Arrangementa hennar av irske tradisjonelle airar for firhendig piano skilde seg ikkje stilmessig frå hennar eigne komposisjonar. Ho sa sjølv at ho skreiv musikk utan tanke for skule eller periode. «Shape and form, rhythm and clarity, as well as freedom of expression, are all important. I am free to be myself regardless of fashion.» Det irske uttrykket som danna den særmerkte stilen hennar gav musikken hennar ein rytmisk og rapsodisk kvalitet, samstundes som dei uttrykte noko av fargen og klarheita til fransk musikl.
Seinare liv og død Etter at far hennar døydde i 1967, blei Trimble administrerende direktør i familieverksemda og tok over drifta av avisa hans, The Impartial Reporter, i Enniskillen. Ho var den fjerde generasjonen av familien i stillinga. Joan Trimble var eigar og redaktør til døydde, då ho blei etterfølgd av dottera si.
Ho var ein aktiv leiar i dei ti åra etter 1967 då ho flytta mellom London, der ho var musikklærar, og Enniskillen, der redaksjonen heldt til. Ho var involvert i lokal journalistikk og skreiv for avisa, inkludert ei spalte kvar veke vigd historia til distriktet. I 1977 pensjonerte ho seg frå jobben ved Royal College of Music for å konsentrere seg om avisa.
På 1990-talet blei det tinga ein ny komposisjon av henne,Ireland Civil Registration Births Index 1864-1958: Marie DOWSE, June quarter 1887, Dublin; vol 2, p673. ('Maria' in index) og dei fyrste opptaka av musikken hennar dukka opp. Ho døydde 85 år gammal i Enniskillen den 6. august 2000, to veker etter at mannen hennar døydde.Ireland Civil Registration Births Index 1864-1958: Marie DOWSE, June quarter 1887, Dublin; vol 2, p673. ('Maria' in index)Ireland Civil Registration Births Index 1864-1958: Joan Trimble; Sept quarter 1915, Enniskillen; Vol. 2, p. 57.
Arve I 2002 blei Joan Trimble Awards Scheme skipa av familien hennar til minne om henne, administrert av Fermanagh Trust. Det har som mål å oppmuntra og støtta engasjement av unge i kreativitet, skodespelarte og irsk kultur, og å gje stipend til opplæring og utdanning.Ireland Civil Registration Births Index 1864-1958: Marie DOWSE, June quarter 1887, Dublin; vol 2, p673. ('Maria' in index)
I 2012 heldt Fermanagh County Museum ei utstilling med tittelen Buttermilk Point: The Musical Life of Joan Trimble, 1915-2000.
18. juni 2015 presenterte Music in Fermanagh ein festkonsert som del av markeringa av hundreråsdagen hennar, Joan Trimble Centenary Celebration, ved Ardhowen Theatre i Enniskillen.Ireland Civil Registration Births Index 1864-1958: Marie DOWSE, June quarter 1887, Dublin; vol 2, p673. ('Maria' in index)Ireland Civil Registration Births Index 1864-1958: Marie DOWSE, June quarter 1887, Dublin; vol 2, p673. ('Maria' in index)
Verk
Opera Blind Raftery, television opera in two scenes (BBC, May 1957)
Orchestra 15 Ulster Airs (arrangements of trad. tunes, 1939–40) In Glenade for string orchestra (1942) Suite for Strings for string orchestra (1951)
Chamber Music The Coolin (Irish air) (1939) for cello & piano. London: Hawkes & Son, c.1939. Phantasy Trio (1940) for violin, cello, piano The Pool among the Rushes (1941) for clarinet & piano Erin go Bragh (1943) for brass band Introduction and Air (1969) for two harps. Cork: Mercier Press, 1969 (in The Irish Harp Book ed. by Sheila Larchet-Cuthbert). Three Diversions (1990) for wind quintet
Music for two pianos The Humours of Carrick (1938). London: Winthrop Rogers, c.1938. The Bard of Lisgoole (1938) Buttermilk Point (1938). London: Winthrop Rogers, c.1939. Sonatina (1940). London: Winthrop Rogers, 1941. The Green Bough (1941). London: Boosey & Hawkes, 1951. Pastorale (Hommage à F. Poulenc) (1943) The Gartan Mother's Lullaby (1949). London: Boosey & Co., 1949. The Heather Glen (1949). London: Boosey & Co., 1949. Puck Fair (1951)
Songs My Grief on the Sea (Douglas Hyde) (1937) Girl's Song (Wilfrid Wilson Gibson) (1937) Green Rain (Mary Webb) (1937). London: Winthrop Rogers, 1938. The County Mayo, song cycle (James Stephens) (1949)
Innspelingar
Celtic Keyboards: Duets by Irish Composers, performed by Bruce Posner & Donald Garvelmann (pianos), on: Koch International Classics 3-7287-2 H1 (CD, 1994). Contains: Sonatina, The Gartan Mother's Lullaby, The Heather Glen, The Bard of Lisgoole, Buttermilk Point, The Green Bough, The Humours of Carrick. Silver Apples of the Moon – Irish Classical Music, performed by Irish Chamber Orchestra, Fionnuala Hunt (cond.), on: Black Box Music BBM 1003 (CD, 1997). Contains: Suite for Strings. Joan Trimble: Two Pianos – Songs and Chamber Music, performed by Patricia Bardon (mezzo), Joe Corbett (baritone), Una Hunt (piano), Roy Holmes (piano), Dublin Piano Trio, on: Marco Polo 8.225059 (CD, 1999). Contains: The Cows are a-milking, A Gartan Mother's Lullaby, The Heather Glen, My Grief on the Sea, Green Rain, Girl's Song, Sonatina, Pastorale (Hommage à F. Poulenc), Phantasy Trio, Puck Fair, The Green Bough, The County Mayo, Buttermilk Point, The Bard of Lisgoole, The Humours of Carrick. Phantasy Trio, performed by Fidelio Trio, on: RTÉ lyric fm CD 153 (CD, 2016).