Carry Geijjsen, fullt namn Carolina Cornelia Catharina Geijssen, () er ein tidlegare skeiseløpar  frå Nederland. Ho vart olympisk meister på 1000 meter i 1968.

Aktiv Geijssen deltok internasjonal frå 1964 til 1971. 1966-sesongen vart ho nederlandsk meister, men makta ikkje å gjere seg gjeldande i verdsmeisterskapen. Vinteren 1968 var ho i sitt livs form. Under verdsmeisterskapen i Helsinki enda ho på tredjeplassen, og syrgde for trippelsiger til Nederland ettersom Stien Kaiser vart verdsmeister føre Ans Schut. To veker seinare var ho på plass i OL-byen Grenoble. Den 10. februar vann ho sølvmedaljen på 1500 meter, slått med tre tidels sekund av finske Kaija Mustonen. Dagen etter sikra Geijssen seg den olympiske gullmedaljen på 1000 meter med tre tidels sekund margin til sølvmedaljør Ljudmila J. Titova. Dermed vart ho den aller fyrste nederlendaren med olympisk gull i snøggløp. Sidan nådde Geijssen ikkje å hevde seg i toppen i internasjonale tevlingar.

Kjelder

Denne artikkelen bygger på «Carry Geijssen» frå , den 5. februar 2026.

Kategori:Nederlandske skeiseløparar Kategori:Olympiske meistrar for Nederland Kategori:Olympiske sølvmedaljevinnarar for Nederland Kategori:Olympiske meistrar i lengdeløp på skeiser Kategori:Olympiske sølvmedaljevinnarar i lengdeløp på skeiser Kategori:Medaljevinnarar under vinter-OL 1968 Kategori:Nederlandske deltakarar under vinter-OL 1968 Kategori:Skeiseløparar under vinter-OL 1968