Marit Malm Frafjord () er ein norsk tidlegare handballspelar frå Tromsø som 2006-21 deltok i 13 meisterskapsturneringar og vann medalje i alle. Ho er såleis dobbel olympiameister, verdsmeister og femfaldig europameister. Våren 2014 var ho med om å vinne EHF-cupvinnarcupen for Viborg HK. Frafjord var linejspelar, utmerkte seg særleg i forsvarsspelet.

Klubbspel Frafjord var Byåsen-spelar i åtte år frå 2002. Sidan gjorde ho teneste 2010-14 i danske Viborg HK og 2014-17 i norske Larvik HK. 2017/18-sesongen var ho aktiv for CSM București. Frafjord avslutta karrieren med spel for Esbjerg i perioden 2018-22.

Landslagsspel Frafjord debuterte på det norske kvinnelandslaget i handball 28. september 2005 i kamp mot Portugal. Frafjord deltok òg under EM i 2006 og fekk dimed EM-gull. I 2011 var ho med å ta gull for Noreg i Handball-VM i São Paulo i Brasil, då dei slo Frankrike i VM-finalen.

Merittar landslag EM 2006: Gullmedalje etter 27-24 mot Russland VM 2007: Sølvmedalje etter 24-29 mot Russland OL 2008 i Beijing: Gull etter norsk siger 34-27 mot Russland EM 2008: Gullmedalje etter 34–21 mot Spania VM 2009: Bronsemedalje etter 26–21 mot Spania EM 2010: Gullmedalje etter 25–20 mot Sverige VM 2011: Gullmedalje etter 32–24 mot Frankrike OL 2012: Gullmedalje etter 26–23 over Montenegro EM 2012: Sølvmedalje etter 31–34 mot Montenegro OL 2016: Bronsemedalje etter 36–26 mot Nederland EM 2016: Gullmedalje etter 30–29 mot Nederland EM 2020: Gullmedalje etter 22–20 mot Frankrike OL i 2021: Bronsemedalje etter 36–19 mot Sverige

Merittar klubblag Dansk seriemeister: 2014 for Viborg HK Dansk cupmeister: 2014 for Viborg HK Norsk seriemeister: 2015, 2016, 2017 for Larvik HK Norsk cupmeister: 2015, 2016, 2017 for Larvik HK Rumensk seriemeister: 2018 for CSM București Rumensk cupmeister: 2018 for CSM București

Bakgrunnsstoff Malm Frafjord sin spelarprofil på Håndball.no

Kategori:Norske handballspelarar Kategori:Verdsmeistrar i handball Kategori:Europameistrar i handball Kategori:Olympiske medaljevinnarar i handball Kategori:Olympiske meistrar for Noreg Kategori:Olympiske bronsemedaljevinnarar for Noreg Kategori:Medaljevinnarar under sommar-OL 2008 Kategori:Norske deltakarar under sommar-OL 2008 Kategori:Handballspelarar under sommar-OL 2008 Kategori:Medaljevinnarar under sommar-OL 2012 Kategori:Norske deltakarar under sommar-OL 2012 Kategori:Handballspelarar under sommar-OL 2012 Kategori:Medaljevinnarar under sommar-OL 2016 Kategori:Norske deltakarar under sommar-OL 2016 Kategori:Handballspelarar under sommar-OL 2016 Kategori:Norske deltakarar under sommar-OL 2020 Kategori:Handballspelarar under sommar-OL 2020 Kategori:Spelarar i Handball-EM 2010 for kvinner Kategori:Spelarar i Handball-VM 2011 for kvinner Kategori:Spelarar i Handball-EM 2012 for kvinner Kategori:Spelarar i Handball-EM 2016 for kvinner Kategori:Spelarar i Handball-EM 2020 for kvinner Kategori:Folk frå Tromsø