Henrik Brokner Elvestad () er ein norsk komikar, skodespelar og programleiar.

Han er mellom anna kjend som mannen bak figuren «Timothy Dahle» i Nissene på låven, Get Ready to Be Boyzvoiced, Nissene over skog og hei og Nissene i bingen. Han var vert for TV 2-programmet Tonight med Timothy Dahle som «Timothy Dahle» i 2003. Frå 2006 til 2015 var han programleiar i sport- og humorprogrammet Golden Goal saman med Johan Golden.Golden og Elvestad tok gravøl for Golden Goal: – Vi hadde drømmejobben. tv2.no (7. mai 2015) I 2014 spelte han hovudrolla i mockumentary-serien Samurai Sikkerhet på TV 2, og i 2016 leia han programmet Amatørenes mester på same kanal. I november 2021 kom humorserien Idrettsforeldre på TV 2, der Elvestad sjølv spelar sju fiktive karakterar.

I 2021 gjekk Elvestad sigrande ut av den tolvte sesongen av realityprogrammet 71° nord – Norges tøffeste kjendis.

Kjelder

Bakgrunnsstoff

Kategori:Fødde i 1973 Kategori:Fødde den 3. juli Kategori:Norske komikarar Kategori:Norske skodespelarar