Lee Seung-hun () er ein sørkoreansk tidlegare skeiserennar som vart olympisk meister på 10 000 meter i 2010 og i fellesstart i 2018.

Aktiv Lee var aktiv på kortbane der han i 2008 vann 3 000-meteren i verdsmeisterskapen. Før OL-sesongen 2010 byrja han å trene på langbane. Under Vinter-OL i Vancouver la han beslag på sølvmedaljen på 5 000 meter, einast Sven Kramer gjekk fortare. Ti dagar seinare Kom Lee til å vinne OL-gull på 10 000 meter med tida 12.58,55, ettersom nemnde Kramer vart diskvalifisert for å ha gått tre indresvingar på rad.

I VM enkeltdistansar 2011 kneip Lee sølvmedaljen på 5 000 m. Åra 2013 og 2015 fekk han høvesvis VM-sølv og bronse med Sør-Korea i lagtevlinga, medan han i begge dei olympiske vinterleikane 2014 og 2018 vann sølvmedalje. På heimebane i Pyeongchang 2018 måtte han og lagkameratane sjå seg slått av Noregs mannskap. Derimot lukkast Lee vinne gullmedaljen på fellesstarten, noko han tidlegare også gjorde ved VM i enkeltdistansar 2016 i Kolomna.

Sidan vann Lee bronsemedaljen i fellesstart under Vinter-OL 2022 i Beijing, samt sølv på fellesstarten i VM enkeltdistansar 2025 på Hamar.

Kjelder

Denne artikkelen bygger på «Lee Seung-hoon (Eisschnellläufer)» frå , den 16. februar 2026.

Kategori:Sørkoreanske skeiseløparar Kategori:Sørkoreanske kortbaneløparar Kategori:Verdsmeistrar i lengdeløp på skeiser – Enkeltdistanse Kategori:Olympiske meistrar for Sør-Korea Kategori:Olympiske sølvmedaljevinnarar for Sør-Korea Kategori:Olympiske bronsemedaljevinnarar for Sør-Korea Kategori:Olympiske meistrar i lengdeløp på skeiser Kategori:Olympiske sølvmedaljevinnarar i lengdeløp på skeiser Kategori:Olympiske bronsemedaljevinnarar i lengdeløp på skeiser Kategori:Medaljevinnarar under vinter-OL 2010 Kategori:Sørkoreanske deltakarar under vinter-OL 2010 Kategori:Skeiseløparar under vinter-OL 2010 Kategori:Medaljevinnarar under vinter-OL 2014 Kategori:Sørkoreanske deltakarar under vinter-OL 2014 Kategori:Skeiseløparar under vinter-OL 2014 Kategori:Medaljevinnarar under vinter-OL 2018 Kategori:Sørkoreanske deltakarar under vinter-OL 2018 Kategori:Skeiseløparar under vinter-OL 2018 Kategori:Medaljevinnarar under vinter-OL 2022 Kategori:Sørkoreanske deltakarar under vinter-OL 2022 Kategori:Skeiseløparar under vinter-OL 2022