Michel Mulder () er ein nederlandsk tidlegare skeiserennar frå Zwolle. Han vart verdsmeister i sprint-firkamp i 2013 og 2014, og olympisk meister på 500 meter i 2014. Også tvillingbroren Ronald Mulder hevda seg i verdstoppen i skeise-sprint.

I VM enkeltdistansar 2012 i Heerenveen vann Mulder sølvmedaljen på 2 × 500 meter. Ved verdsmeisterskapen i sprint 2013 i Salt Lake City sette han verdsrekord i sprint-firkamp og vann med ein margin på 0,245 tidspoeng til finske Pekka Koskela, utan sjølv å gå til topps i nokon av dei fire distanse-tevlingane. Det gjorde han i staden då Skeise-VM 2014 i sprint-firkamp vart avvikla i Nagano midt i januar. Her vann han begge 500-meterane og sikra seg ein klar siger i meisterskapen, framom Shani Davis frå USA.

Den 10. februar 2014 kneip Mulder gullmedaljen på 500 meter under Vinter-OL 2014 i Sotsji. Etter to 500-meterløp viste det seg at han slo landsmannen Jan Smeekens med samanlagt 0,01 sekund. Hans eigen tvillingbror syrgde for at Nederland også tok bronsemedaljen. Det høyrer med at Michel Mulder ikkje var bestemann på korkje det fyrste eller det andre løpet. To dagar seinare gjekk han inn til bronsemedalje på 1000-meteren.

Ved Skeise-VM 2015 i sprint-firkamp i Astana var Mulder fattige o,02 sekund for seint ute på den avsluttande 1000-meteren til å kunne stige opp på sigerspallen samanlagt.

Kjelder

Denne artikkelen bygger på «Michael Mulder» frå , den 24. februar 2026.

Kategori:Nederlandske skeiseløparar Kategori:Verdsmeistrar i lengdeløp på skeiser – Sprint Kategori:Olympiske meistrar for Nederland Kategori:Olympiske meistrar i lengdeløp på skeiser Kategori:Olympiske bronsemedaljevinnarar for Nederland Kategori:Olympiske bronsemedaljevinnarar i lengdeløp på skeiser Kategori:Medaljevinnarar under vinter-OL 2014 Kategori:Nederlandske deltakarar under vinter-OL 2014 Kategori:Skeiseløparar under vinter-OL 2014