Marte Skaanes () er ein norsk tidlegare langrennar frå Trondheim, medlem i Strindheim IL. Ho vart i 2023 norsk meister på 5 kilometer. Øyvind Skaanes er far hennar.

Marte Skaanes gjekk Strindheim IL inn til triumf på 3x5 km stafett under Ski-NM 2022 i Harstad. Dagen før kneip ho sølvmedaljen på 10 km, nærare to minuttar bak suverene Therese Johaug. Knappe to veker seinare kom Skaanes på bronseplassen i 5 km fristil, då noregsmeisterskapen avslutta på Gran på Hadeland. Under Ski-NM 2023 i Tolga vann ho NM-gull på 5 km, dagen etter tok ho bronsemedaljen på tremila. I Ski-VM 2025 på Vang i Hedmark gjekk ho den fyrste etappen då Strindheim IL sikra seg eit nytt NM-gull i 3x5 km stafett.

I seks sesongar fekk Skaanes delta i enkelte tevlingar verdscupen i langrenn, utan nokon gong å kome mellom dei ti beste på resultatlista.

Kjelder

Denne artikkelen bygger på «Marte Skaanes» frå , den 24. februar 2026.

Kategori:Norske langrennsløparar Kategori:Noregsmeistrar i langrenn Kategori:Folk frå Trondheim