Gunnar Roland Tjomlid () er ein norsk bloggar, foredragshaldar og forfattar.

Han vart fødd i Dar-es Salaam i Tanzania i 1974,Gunnar Roland Tjomlid - Humanist Forlag.no der han budde sine to fyrste leveår. Han har engelsk mor og norsk far. Med unntak frå eit toårig opphald i Kenya (1984-86) har han for det meste budd på Tonstad i Sirdal kommune fram til 2010.

I 2006 starta han bloggen Unfiltered Perception. I 2013 skifta den namn til Saksynt, etter han starta eit samarbeid med Mediehuset Nettavisen AS. Han har òg vore panelmedlem i den norske podkasten Saltklypa frå 2010 til 2012.

Tjomlid har gått ut med ein krass kritikk av påstandar frå alternative behandlarar og vaksinemotstandarar. Noko som har ført til at somme personar frå dette miljøet reagerte med å kome med trugslar om søksmål. Han vann i 2010 kåringa «Tordenbloggen»Årets tordneste blogg er... denne! - tjomlid.com og fekk seinare i 2014 prisen «Årets sterke meining» i Vixen Blog Awards 2013 for bloggen Saksynt.

Frå mai/juni 2017 til desember 2020 dreiv han saman med komikaren dag Sørås podkasten Dialogisk. I tillegg er òg Tjomlid fotograf, skeptikar og han driv Youtube-kanalen Tvilsomt med Tjomlid.

Bibliografi

2013: Placebodeffekten - Hvorfor alternativ behandling virker som den virker, Humanist Forlag 2016: Håndbok i krisemaksimering 2024: Dagslys - På veien med Dag Sørås

Kjelder

Denne artikkelen bygger på «Gunnar Tjomlid» frå , den 12. mars 2026.

Kategori:Folk frå Sirdal Kategori:Norske sakprosaforfattarar Kategori:Norske bloggarar