Serinus er ei slekt av åtte små fugleartar i finkefamilien (Fringillidae) som lever i Vest-Asia, Europa og Afrika. Slekta vart oppretta i 1816 av den tyske naturforskaren Carl Ludwig Koch. Namnet er nylatinsk og tyder «kanarigul». Dette er ei av fleire slekter i finkefamilien der dei norske artsnamna har fellesnemninga irisk.
Taksonomi Mange fleire artar vart tidlegare plasserte i denne slekta, men fylogenetiske studiar av mitokondrie-DNA og nukleært DNA viste at slekta var polyfyletisk. Dette vart stadfesta i ein omfattande studie av finkefamilien publisert i 2012. Forfattarane føreslo å dele slekta i to monofyletiske grupper, eit forslag som vart godteke av International Ornithologists' Union. Slekta Serinus vart då avgrensa til gulirisk (S. serinus) og sju andre artar, medan ei større gruppe frå Afrika og Den arabiske halvøya vart plassert i den gjenoppliva slekta Crithagra.
Skildring Serinus-artane er små sporvefuglar med kroppslengd på ca. 10,5 til 14 cm, typisk 12 cm. Dei fleste artane har meir eller mindre gult i fjørdrakta, fleire med mørke strek i lengderetning på rygg og kroppssider. Svarthovudirisk i Namibia og Sør-Afrika har ei mest avvikande fjørdrakt i svart, brunt og grått. Nebbet er typisk for finkar, kraftig, kort og rettpeikande. Alle artane syner varierande grad av kjønnsdimorfisme i fjørdrakt.
Dei fleste artane har sitt distinkte utbreiingsområde, men i sørlegaste Afrika finst både svarthovudirisk og krattirisk. Gulirisk har den nordlegaste utbreiinga og kan treffast lengst nord i Estland. Gulirisk har fråvære frå Skandinavia og Dei britiske øyane med eit unnatak for ein liten hekkebestand i søraustlege Skåne i Sverige. Raudpanneirisk (S. pusillus) lever frå Tyrkia til nordvestlege Kina og marginalt inn i Mongolia. I Himalaya finst denne arten opp til 4700 meter over havnivå.
Kanariirisk (S.canaria) er omfatta av fuglehandel og kan vere verdas mest kjente burfugl.
Syriairisk (S. syriacus) er klassifisert som sårbar av Birdlife International, alle andre artar er livskraftige.
Artsoversyn Medlemmar av Serinus i rekkjefølgje etter AviList v2025: med norske namn etter Norske navn på verdens fugler:
Bilete Norsk namn Vitskapleg namn Utbreiing120pxKanariiriskSerinus canariaKanariøyane, Asorane og Madeira120pxGuliriskSerinus serinusSørlege og sentrale delar av Europa og Nord-Afrika120pxRaudpanneiriskSerinus pusillusAlpidane frå Anatolia til vestlege Himalaya120pxSyriairiskSerinus syriacusSyria, Libanon, Palestina, Jordan og Saudi-Arabia120pxSvarthetteiriskSerinus nigricepsEtiopia120pxSvarthovudiriskSerinus alarioLesotho, Namibia og Sør-Afrika120pxKrattiriskSerinus canicollisSørlege Afrika120pxGulkroneiriskSerinus flavivertexAustlege Afrika og Angola
Kjelder
Denne artikkelen bygger på «Serinus» frå , den 14. mars 2026
Referansar
Bakgrunnsstoff
Kategori:Finkefamilien Kategori:Fuglar i den palearktiske regionen Kategori:Fuglar i den afrotropiske regionen Kategori:Fugleslekter