Judith Suminwa Tuluka () er ein kongolesisk politikar som har vore statsminister i Den demokratiske republikken Kongo sidan 2024. Ho er den første kvinna som har hatt dette embetet. Før ho vart statsminister, var ho statsråd og planleggingsminister.

Tidleg liv og utdanning Judith Suminwa Tuluka vart fødd i Kongo Central den 19. oktober 1967. Faren hennar var ambassadør i Tsjad under presidentperioden til Mobutu Sese Seko. Ho vart uteksaminert frå Det katolske universitetet i Mons med ein bachelorgrad i anvend økonomi, og frå Université libre de Bruxelles med ein mastergrad i arbeidslivsstudiar. I 1997 vende ho tilbake til DR Kongo og arbeidde ved Citibank.

Karriere Suminwa søkte stilling hjå kontoret til SN sin høgkommissær for menneskerettar og arbeidde som administrativ og økonomisk assistent før ho vart tilsett i SN sitt utviklingsprogram (UNDP).

Ho er medlem av Union for Democracy and Social Progress (UDPS). Ho var vise-koordinator for det presidentielle rådet for strategisk oppfølging. I 2023 vart ho utnemnd til statsråd og planleggingsminister i Lukonde-regjeringa.

Statsminister Sama Lukonde leverte avskjedssøknaden sin 21. februar 2024. Suminwa vart då utnemnd til statsminister og vart den første kvinna i landet som har hatt dette vervet. Den første regjeringa hennar bestod av 54 personar, der 18 var kvinner.

Privatliv Suminwa er gift med Roger Tuluka, ein tidlegare klassekamerat av Félix Tshisekedi, som ho møtte i Belgia på 1990-talet.

Politiske standpunkt Suminwa har vore kritisk til Rwanda for okkupasjonen av område i austlege delar av DR Kongo, og har skulda landet for å støtte opprørsgrupper, som Congo River Alliance, i eit forsøk på å styrte styresmaktene i DR Kongo.

Kjelder

Denne artikkelen bygger på «Judith Suminwa» frå , den 27. januar 2026.

Bakgrunnsstoff

Kategori:Kongolesiske statsministrar Kategori:Kongolesiske politikarar Kategori:Første kvinnelege stats- og regjeringsleiarar