Zhang Hong () er ein kinesisk tidlegare skeiseløpar som i 2014 vart olympisk meister på 1000 meter.
Zhang enda i januar 2011 på niandeplassen i sprint-VM i Heerenveen. Året etter kleiv ho opp på bronseplassen ved Skeise-VM 2012 i sprint-firkamp i Calgary, medan ho i sprint-verdsmeisterskapen 2013 i Salt Lake City kom på sjetteplass. Vinteren 2014 kneip ho sølvmedaljen under sprint-verdsmeisterskapen i Nagano, einast landskvinna Yu Jing var betre. Ei fire veker seinare, den 13. februar 2014, var Zhang i heilt eiga klasse på 1000-meteren under dei olympiske leikane i Sotsji, to dagar etter ho vart nummer 4 i OL-tevlinga over 500-meter.
Zhang var aktiv til 2023. Perioden 2018-26 var ho medlem den Internasjonale Olympiske Komiteen.
Kjelder
Denne artikkelen bygger på «Zhang Hong» frå , den 15. mars 2026.
Kategori:Kinesiske skeiseløparar Kategori:Olympiske meistrar for Kina Kategori:Olympiske meistrar i lengdeløp på skeiser Kategori:Medaljevinnarar under vinter-OL 2014 Kategori:Kinesiske deltakarar under vinter-OL 2014 Kategori:Skeiseløparar under vinter-OL 2014 Kategori:Kinesiske deltakarar under vinter-OL 2018 Kategori:Skeiseløparar under vinter-OL 2018 Kategori:Medlemmar i Den internasjonale olympiske komitéen