Petter Jacob Semb Meyer () var ein norsk advokat, lagdommar og politikar. Han var stortingsmann 1937-45 for partiet Høgre.

Meyer vart cand.jur. i 1924, og studerte så ei tid i Storbritannia. Frå 1926 arbeidde han som overrettssakførar i Larvik, sidan 1935 som høgsterettsadvokat. 1945-46 var Meyer statsadvokat i landssviksaker i Vestfold. Han var så sorenskrivar i Steigen og deretter frå 1953 i Sand. Til sist var han lagdommar i Eidsivating lagmannsrett.

Meyer var medlem 1929-31 og 1938-40 i Larvik bystyre. Hausten 1936 vart han vald til stortingsrepresentant frå kjøpstadene i Vestfold. Han var medlem i Kyrkje- og skulekomiteen.

Kjelder Vilhelm Haffner: Stortinget: 1937-1939.

Kategori:Stortingsrepresentantar 1937-1945 Kategori:Norske juristar