Jesper Johanson Nondal () er ein norsk journalist og programleiar. Han har vore tilsett i NRK sidan 2020. Nondal er programleiar for podkasten Kjapt oppdatert og NRK Nyheter på NRK P3 og NRK mP3.
Liv og virke Nondal er frå Sogndal kommune i Sogn i Vestland fylke. I heimbygda jobba han i Posten Norge AS i fleire år. Etter å ha fullført studiespesialisering ved Sogndal vidaregåande skule flytta han til Bergen for å studere ved Universitetet i Bergen i 2011. Ved sidan av studiane jobba han på Det Akademiske Kvarter.
I 2014 flytta Nondal tilbake til Sogndal for å studere historie. Han jobba også på Studentsamfunnet Meieriet i kommunen. Her hadde han blant anna ansvaret for å hyre inn artistar til ulike arrangement.
Nondal flytta til Sunnmøre i 2017 for å ta ein bachelorgrad i journalistikk ved Høgskulen i Volda, innanfor radio- og lydjournalistikk. Under utdanninga var sogndølen involvert i fleire radioprogram på Volda studentradio.
Sogndølen starta sin journalistiske karriere i NRK P3nyheter i Trondheim i januar 2020. Han har vorte ei kjend stemme på NRK Nyheter på NRK P3 og NRK mP3, og i 2024 var han gjesteprogramleiar under maratonsendinga P3aksjonen.
I 2024 blei Nondal ein av programleiarane i podkasten «Spør for en venn», saman med Lydia Torsvik Gieselmann og Tamanna Agnihotri.. I 2025 gjekk han inn som programleiar i nyheitspodkasten «Kjapt oppdatert». Han er også ein del av teamet som publiserer innhald på NRK Nyheter på Instagram.
Priser og nominasjoner Nondal og NRK P3nyheter har vore nominert i kategorien «Årets beste nyhetsbulletin» fleire gonger. I 2025 var redaksjonen også nominert i kategorien «Årets beste nyhet- og aktualitet» med podkasten Kjapt oppdatert.
Referansar
Kategori:Norske journalistar