mini|Futharken på Kylverstenen frå Gotland. Ca. år 400. Runemagi er førestillingar om at runeteikn har religiøse eller magiske tydingar. Frå mellomaldersk islandsk litteratur er det kjent at runene var knytte til heilag kunnskap, og at dei blei oppfatta som ei guddommeleg gåve.Ellis Davidson (1990) s. 141 At skriftteikna òg hadde ei ikkje-kommunikativ tyding blir underbygd av at ordet ‘rune’ i seg sjølv hadde tydinga 'løyndom', i likskap med dei mange bevarte runerekkjene (kalla futharkar).Ellis Davidson (1990) s. 141

Skriftlege kjelder og materielle leivningar frå både jernalder og norrøn tid tyder på at runer har hatt ei religiøs tyding gjennom heile perioden då dei òg var brukte som skriftform. I forskinga har det lenge vore eit utbreidd synspunkt at runene primært hadde religiøs tyding, og at dei meir sjeldan blei nytta til daglegdagse føremål. Dei siste par tiåra har det likevel vore eit skifte innan runologien, og synspunktet om at runer grunnleggjande var eit kvardagsleg skriftsystem som òg kunne brukast religiøst er i dag det mest utbreidde.Stoklund (1993) s. 160

På byrjinga av 1900-talet oppstod der i samband med rørsler innanfor germansk mystikk nye formar for «runemagi». Nokre av dei har utvikla seg vidare og byggjer generelt på hermetisme, klassisk okkultisme eller I Ching.

Praksis mini|Nærbilde av runeinskripsjonen på Björketorp-runesteinen, Blekinge (500-eller.600-talet). Her opptrer ordet «rune» fleire gongar, tilsynelatande med fleire tydingar.

Runer blei hovudsakleg rista i tre, men dei fleste bevarte innskriftene stammar frå meir uforgjengelege materiale som stein og metall. Dei eldste innskriftene er som regel korte, anten bestod dei berre av eit namn eller noko som truleg har vore trylleformular.Bæksted (1994) s. 12 Inskripsjonar frå yngre periodar formidlar òg berre sjeldan noko religiøst, men det er meir tydeleg at dei kunne brukast i rituelle samanhengar; til dømes relatert til magi og trolldom, og som hjelpemiddel til å kommunisera med gudane. Runer blei oppfatta som noko guddommeleg, ei gåve frå gudane, og kunne såleis bli brukte til å skriva trylleformularar på gjenstandar, men brorparten av innskriftene har likevel profan karakter.Bæksted (1994) s. 12 Dette er blitt tolka som eit teikn på at runene opphavleg blei oppfatta som esoterisk kunnskap som berre ein elite hadde tilgang til. Det guddommelege sambandet kan kanskje speglast i at eldre runeinnskrifter stilistisk er nærskylde med myteforteljingane i eddadikta.

Frå Björketorp i Blekinge er det kjent ei runeinnskrift frå anten 500- eller 600-talet. Teksten er skriven på urnordisk, og ordet «rune» er tilsynelatande nytta i fleire tydingar, m.a. ‘bokstavar’ og ‘løyndom’.

Haidzruno runu, falahak haidera, ginnarunaz. Arageu haeramalausz uti az. Weladaude, sa'z þat barutz. Uþarba spa. Eg, runemeister(?) skjuler her kraftruner. Stadig (plaga av) vondskap, (dømt til) snikande død er (han), som øydelegg dette (monumentet). Eg spår øydelegging/spådom om øydelegging.Omsett etter: Frå DR 360 i Rundata 2.0 for Windows. Frå ein runestein frå Steintofta i Blekinge er det kjent ein liknande eid.

høgre|mini|Brakteat frå Djupbrunn i Sverige (G 205) frå ca. 400-talet, med mellom anna runeteksten Alu saman med eit stilisert bilde av eit mannshovud, ein hest og ein svastika; eit motiv som er kjent frå fleire brakteatar. Frå både romersk og germansk jernalder er det kjent fleire inskripsjonar som ikkje er lett forståelege eller som består av ord, men som truleg hadde særskild religiøs tyding. Eit av dei mest utbreidde av desse er alu, medan andre ord er m.a. auja, laþu, laukaR.Macleod, Mindy. Mees, Bernard. (2006) Runic Amulets and Magic Objects, page 100 to 101. Boydell Press Ansuz og Tiwaz-runene ser òg ut til å ha hatt ei særleg tyding, særleg i tida då ein nytta den eldre futharken, men ein kan også finna spor av dette i yngre kjelder. Til dømes går det fram av Sigrdrifúmál at risting av Tiwas-runa på eit våpen tydde siger, sidan ein gjorde krigsguden nærverande.Meulengracht_Sørensen (2006) s. 44 Slike ristinger er kjende frå fleire objekt frå jernalderen og vikingtida;Ellis Davidson (1990) s. 57 til dømes på ein amulett frå Lindholm slott der sekvensen aaaaaaaazznnn-b-muttt er rissa inn. Språkleg gjev teikna inga meining, men runene må ha ei tyding i seg sjølv som tilsynelatande får ekstra kraft gjennom gjentakinga. høgre|mini|portrett=1.4|Runealfabetet, òg kaldet FUÞARKen etter dei fyrste bokstavane, hadde truleg ei religiøs tyding i seg sjølv når det blei skrive ned. I andre tilfelle gjev teksten inga meining, kanskje fordi ristarane ikkje sjølv var skriftkunnige, dvs. at dei laga imitasjonar av skrift som viser at skrifta i seg sjølv hadde ei tyding som var uavhengig av tydinga til orda. Desse språkleg meiningslause inskripsjonane er blitt tolka som magiske formular; til dømes tuwatuwa på ein brakteat frå Vadstena, aaduaaaliia (på DR #Br42), g͡eggar͡og͡æ (Undley-brakteaten), g͡ag͡ag͡a på eit spydskaft frå Kragehul.Meulengracht-Sørensen (2006) s. 47

Frå vikingtida er det kjent nokre få ringar med runeinskripsjonar som truleg kan tolkast som magiske. Ein av dei er funnen ved Kingmoor i nordvestlege England. Teksten på han er ikkje blitt tyda.Page, R.I., The Inscriptions

Tydinga av denne typen innskrifter er stadig omstridd. På ein brakteat finst rimorda salusalu og luwatuwa som dannar ei remse som kanskje har hatt magisk tyding. Ein anna innskrift på Gummarp runesteinen (ca. år 500 til 700) inneheld ei kryptisk skildring av korleis runestavar kan brukastm etterfølgt av f-runa tre gonger etter kvarandre.Page, R.I. (2005) Runes, page 31. The British Museum Press Ein person opplært i runeløyndommen blei kanskje kalla erilaz, ei nemning som òg opptrer på fleire runeinnskrifter. Innrissa runer kunne såleis gje guddommelege krefter til ein gjenstand.Kofod & Warmind (1989) s. 66 På nokre runesteinar er det rista lengre tekstar av religiøs tyding, men desse blei tydelegvis skrivne til folk som var innvigde i religiøse løyndommar.Holtsmark (1989) s. 47

Nyare studiar har vist at sjølv om runene ofte blei nytta til å gjera gjenstandar magiske, til dømes ved å laga amulettar og liknande, så er det ingenting som tyder på at runene i høgare grad blei oppfatta som meir magiske enn til dømes det greske eller det latinske alfabet.MacLeod & Mees (2006) Kulturen i vikingtida og jernalderen var primært munnleg, men hadde òg skriftsystem. Desse eigna seg likevel ikkje til lange tekstar, og kulturen var i stor grad munnleg overlevert. Skriftkultur var også kjend frå fleire naboland.Meulengracht-Sørensen (2006) s. 16 Med bakgrunn i dette er det dominerte synspunktet innanfor runologien i dag at runene i utgangspunktet var eit skriftsystem som både kunne brukast til religiøse og ikkje-religiøse formål. Den største delen av runeinnskrifter har vore skriven til kvardagsformål.Stoklund (1993) pp. 160 Skriftteikn som runer blei nytta brukt til å halda på ei melding og/eller eit samband mellom ein person og gjenstanden dei var rista på. Gjennom ei religiøs tyding av ein tekst, kunne ein slik tekst òg romma noko guddommeleg som kunne gje religiøs kraft til gjenstanden teksten var rista på.Meulengracht-Sørensen (2006) s. 41-43

Førestillingar om runemagi har fleire stader i Norden overlevd i folkloren langt inn i tidleg moderne tid. På Island brukte ein til dømes runestavar som var stykke av tre med rista runer som kunne brukast i krisesituasjonar, til å verja mot vonde makte eller for å oppnå ein ønska situasjon eller særskilde ting.Kofod & Warmind (1989) s. 83

Magi venstre|mini|333x333pk|Runesteinen frå Stentoften (ca. 500 til 700 e.v.t.) frå Blekinge i Sverige. Dei eldste runetekstane stammar frå gjenstandar og består generelt anten av namnet på eigaren til desse gjenstandane eller personen som rista dei, eller av ei språkleg uforståelege bokstavrekkjer. På bakgrunn av dette er det blitt føreslått at runer opphavleg ikkje var nytta som skriftspråk, men heller som teikn til magiske formular.

I kjeldene er det talrike eksempel på korleis runer blei nytta i rituelle og magiske samanhengar. Det er også funne mange gjenstandar med runeinnskrifter som normalt blir tolka religiøst. Utover skildringa av «sigersrunene» i Sigrdrífumál finst det i Den eldre Edda òg eit anna dikt som handlar om den religiøse tydinga til runer. Hávamál inneheld fleire strofer der Odin omtaler runene i relasjon til mantikk, lækjing og nekromantikk: Rúnar munt þú finna : ok ráðna stafi, : mjök stóra stafi,: mjök stinna stafi,: er fáði fimbulþulr : ok gerðu ginnregin: ok reist hroftr rögna.: (strofe 142) Runer vil du finde, tolkende Runer, hel store Stave, hel stærke Stave, som den mægtige Taler tegned, som de hellige Guder gjorde og den ypperste As risted, hlýdda ek á manna mál; of rúnar heyrða ek dæma, né of ráðum þögðu Háva höllu at, (strofe 111) Om Runer jeg hørte dem tale og om Gudernes Rådslagning; ej tav de om Runers Ristning, ej tav de om Runers Råden i den højes Hal. Ráðumk þér, Loddfáfnir, en þú ráð nemir, -

…

en við bölvi rúnar… (strofe 137) Jeg råder dig, Lodfavne! og Råd du tage;

…

Runer mod ondt Ønske, I strofe 157 av Hávamál blir runene tillagt krefter som kan gje livet tilbake til dei døde. I stykket seier Odin fram eit rim for å få ein død mann til å gå att: Þat kann ek it tolfta, ef ek sé á tré uppi váfa virgilná,: svá ek ríst ok í rúnum fák, at sá gengr gumi ok mælir við mik. Det kan jeg for det tolvte, når jeg höjt i Træ ser død Mand dingle: sådan jeg rister og tegner Runer, at Manden går hen og mæler med mig. På Franks-skrinet frå kring år 700 er det innskrifter som kan tolkast som teikn på at runene hadde magisk tyding ikkje berre i Norden, men òg i det mellomalderske Vest-Europa.

Spådom Sjølv om tilknytinga mellom runer og spådom er omtalt i fleire kjelder, finst det ingen direkte bevis for at dei er blitt brukte til dette føremålet. Tacitus fortel i Germaniakapittel 10 at germanarane tok varsel frå mange ulike ting, m.a. har han ei detaljert skildring av eit spådomsritual:

10. Varsler og spådom ved lodkastning holder de i hævd og ære og det så trofast som noget folk; og ved en sådan lodkastning er det en simpel og ligefrem måde, de plejer at gå frem på. En afskåren gren af et frugtbærende træ skærer de itu til småpinde og mærker disse med visse tegn, så de kan skelnes fra hverandre. Disse pinde kaster de så på må og få ud over en hvid dug, alt som tilfældet føjer det. Og derefter, dersom det er på det samt-lige folks vegne, man vil stille spørgsmålet, så forretter den for hele samfundet beskikkede præst, men hvis det ikke sker i det offentliges tjeneste, så vedkommende husbond selv en bøn til guden og tager så med øjnene vendte mod himlen tre pinde frem den ene efter den anden, løfter dem i vejret og udlægger dem efter de derpå indristede tegn. Tyder nu disse på en hindring, så indlader man sig i det pågældende anliggende ikke på nogen yderligere henvendelse til guderne samme dag; men ligger der en tilladelse deri, så søger man end-nu tilforladeligheden deraf stadfæstet ved vars-ler.

Tacitus viser ikkje nødvendigvis til runer, særleg fordi det ikkje er funne runer som stammar frå samtida hans; dei eldste døma er fleire hundre år yngre.