André Hansen () er ein norsk tidlegare fotballspelar frå Oslo. Han vann i tida 2015-18 fire seriegull og tre cup-pokalar med Rosenborg BK. Hansen var målvakt.

Klubbspel Hansen var i 2007 aktiv i Kjelsås IL og i 2008 i IK Skeid, begge laga spelte på nivå 3 i seriefotballen. I april 2009 fekk han sin debut i den norske eliteserien med Lillestrøm SK, utan å imponere. Så frå juli same året vakta han, med suksess, målet åt islandske KR Reykjavík. Hansen returnerte i 2010 til Lillestrøm der det vart mykje benkeslit. Åra 2011 til -14 overbeviste han derimot som målvakt for Odds Ballklubb i eliteserien. Før 2015-sesongen fekk han kontrakt med Rosenborg BK. Dei fire fyrste sesongane med laget frå Trondheim sanka han fire seriemeisterpokalar og tre kongepokalar. Han vart verande i Rosenborg til 2023, utan at det vart fleire triumfar på Rosenborg BK. Hansen gjekk tilbake til Odd og avslutta sitt aktive idrettsliv med spel for Skiens-laget i 2024 og 2025.

Landslagsspel Hansen debuterte for det norske landslaget 12. januar 2013 mot Zambia i Ndola. Fram til og med 2020 deltok han i til saman 5 landskampar. I 2021 vakta han det norske målburet i ytterlegare 5 kampar. 29. mars 2022 fekk han sin 11. og siste landskamp då Noreg sigra over Armenia med 9 mål mot 0. Hansen var med å vinne 7 av landskampane og sleppte inn einast 4 mål.

Merittar Seriemeister: 2015, 2016, 2017, 2018 for Rosenborg BK Noregsmeister: 2015, 2016, 2018 for Rosenborg Bk

Kjelder

Denne artikkelen bygger på «André Hansen» frå , den 1. april 2026.

eu-football

Kategori:Norske landslagsspelarar i fotball Kategori:Rosenborg-spelarar Kategori:Odd Grenland-spelarar Kategori:Skeid-spelarar Kategori:Lillestrøm-spelarar