David Møller Wolfe () er ein norsk fotballspelar frå Bergen som 20. mai 2023 vart norsk meister med Sportsklubben Brann. Wolfe er sidan august 2025 på kontrakt med Wolverhampton Wanderers i engelsk fotball.
Karriere Klubbspel Wolfe spelte frå 2017 til -19 på Bergen Nord sitt lag på nivå 5 og6? I 2020 var han aktiv for fotballaget til Åsane IL på nivå 2?. Frå 2021 var han Brann-spelar. Han bidrog til at laget slo Lillestrøm SK med 2–0 i cupfinalen 20. mai 2023. I juni 2023 skreiv han kontrakt med nederlandske AZ Alkmaar. Etter to gode sesongar i Nederland, vart han overført til Wolwerhampton for et vederlag på 10 millionar euro. Her fekk han heller lite speletid i eit mannskap som kjempa mot nedrykk til nivå 2.
Landslagsspel Wolfe debuterte for Noreg 16. november 2023 mot Færøyane på Ullevål stadion. I løpet av 2024 deltok han i 7 landskampar. Den 25. mars 2025 skåra han det fyrste målet då Noreg vann med 4 mot 2 over Israel i ein VM-kvalifiseringskamp i Debrecen i Ungarn. Gjennom 2025 fekk Wolfe med seg 10 landskampar, mellom dei begge oppgjera mot Italia som sikra Noreg plass i Fotball-VM 2026. Per 1. april 2026 var han bokført med 20 landskampar og ei skåring.
Kjelder
eu-football
Denne artikkelen bygger på «David Møller Wolfe» frå , den 6. april 2026.
Kategori:Norske landslagsspelarar i fotball Kategori:Brann-spelarar Kategori:AZ-spelarar Kategori:Wolverhampton-spelarar Kategori:Spelarar i Fotball-VM 2026