mini|Måleri frå 1800-talet av ein buñuelos-gatan seljar i Mexico Meksikansk gatemat, kjend som antojitos (bokstaveleg ‘smålyster’), blir laga av gateseljarar og på små tradisjonelle marknader i Mexico. Vanlege rettar er taco, tamale, gordita, quesadilla, empalme, tostada, chalupa, elote, tlayuda, cemita, pambazo, empanada, nachos, chilaquile, fajita, torta, hamburger og pølse i brød, i tillegg til frisk frukt, grønsaker, drikkar og supper som menudo, pozole og pancita.

venstre|mini|Tacobu i Sevilla i Mexico by.

Dei fleste rettane tilgjengelege om morgonen og kvelden, sidan middagstida er tida for det viktigaste formale måltidet om dagen. Mexico har ein av dei mest utvikla gatekjøkkenkulturane i Latin-Amerika, og Forbes oppgav Mexico by som ein av dei fremste byane i verda å eta på gata.

mini|Sal av elote (maiskolbe) i Tequila. Typar

Taco mini|Tacos de carnitas, carne asada og al pastor. Taco er ein folda tortilla som kan ha diverse fyll. Fyllet i meksikanske gatetacoar varierer frå region til region. Dei fleste tacoar blir laga med maistortilla, bortsett frå i den nordlege delen av landet, der kveitetortilla dominerer. Tortillaene nytta i meksikanske tacoar er mjuke, men heile tacoen kan steikast, som blir kalla «dorado» (bokst. gyllen). Tacoar var vanlege på den meksikanske landsbygda, der koner kunne ta mat til mannen på åkeren pakka inn i tortillaer. Tacoar kom til byane då buer byrja å selja mat kjend heimefrå til dei mange som flytta hit frå landsbygd på 1900-talet. Dette gjeld særleg for Mexico by, som tilbyr taco-spesialiteter frå nesten alle regionane i landet. Taco bryt sosiale og økonomiske barrierar fordi alle i landet et retten, og dette har gjort at han er blitt kalla «det mest demokratiske av meksikanske matslag.»

Tacofyll varierer mykje og dei fleste tacoseljarar har ein spesialitet, dei mest kjende er al pastor og bistec. Andre typar fyll er storfeauge, hjerne og tunge. Tacoseljarane skil seg vanlegvis frå andre gatekjøkken ved å ha ei stor treblokk, ei tronco, der ein hakkar kjøt og anna fyll. Garnityret varierer, men omfattar vanlegvis hakka lauk, koriander, ulike typar salsa, grilla grøn laup og limebåtar. Mange tacotypar er generelt berre tilgjengelege om morgonen eller ettermiddagen. Tacoar som er vanlegast å selja om morgonen inkluderer tacos de canasta og dei med barbacoa eller cabeza de res (bokst. storefhovud). Tacos de canasta (korgtaco) er den einaste typen som ikkje blir laga til ved utsalet. Dei er tortillaerr med fyll som potet, chorizo-pølse, svinesvor, bønner og picadillo (krydra, male kjøt), deretter dampa og pakka for å halda på varmen og oppbevart i ei korg. Barbacoa er ei kjøt steikt i ei grop. Det er mest vanleg sentralt i landet, der kjøtet ein nyttar er lam. Nord i landet finst det ein versjon laga med oksekjøt. Cabeza de res er laga av kjøt og andre delar av storfe, og er mest vanleg i Sonora, Bajío-regionen og Mexico by. Seljarar av slike tacoar sel ut og stengjer vanlegvis ved midten av dagen.

Om ettermiddagen, utanfor Mexico by, er tacoar generelt ikkje tilgjengelege før seinare på dagen. Seint på ettermiddagen og langt ut på kvelden (særleg i helgene) opnar andre taco-seljar med eit anna utval. Desse har hovudsakleg grilla, steikt eller dampa kjøt. Ein kjent natt-taco i Mexico by-området er tacos al pastor. Dei er ei tilpassing av tradisjonen med kjøt steikt på spyd frå Midtausten, og blei introdusert av libanesiske innvandrar. Kjøtet er likevel svinekjøt og kryddet er ein mild chilipeppar, lauk og ananas. Andre taco-variantar inkluderer tacos de guisado eller tacos de cazuela, som er fylt med kjøt eller grønsaker i ein saus.

Fritangas er tacoar med steikt kjøt, som pølse. Carnitas er svinekjøt kokt i smult smaksett med appelsinskal. Det var opphavleg ein spesialitet frå Michoacán og Jalisco, men finst no i mesteparten av midtlandet og i nokre andre delar av landet òg. Den mest kjende grilla tacoen er carne asada (‘grilla kjøt’), som oppstod i Sonora. Det er kjøt som er grilla over trekol, opphavleg av treslaget mesquite. Dei blir serverte med grilla grøn lauk og, avhengig av regionen, med mjøl- eller maistortilla. Fisketaco er ein spesialitet i Baja California og Stillehavskysten. Denne er òg blitt svært populær i delar av USA. Codzitos er små tacoar som er populære på Yucatán-halvøya, som blir haldne fast med tannpirkarar og deretter steikt. Flautas, som òg blir kalla taquitos eller tacos dorados, er lik tacoar fordi dei blir fylt, men blir deretter rulla og steikt. Dei blir serverte med rømme, salsa og grønsaker som salat, tomat og lauk til.

Tamales mini|Tamales til sals i Reynosa i Tamaulipas. Tamales er ein rett av fyll pakka inn i maisbasert masa-deig og dampa i maisskal. Det finst tamales i søte og salte versjonar, nokre av dei krydra og andre ukrydra. Versjonane med grisekjøt eller kylling med salsa eller mole er dei mest populære, saman med ein versjon som blir kalla rajas som er fylt med striper av poblano-chilipepar og ost. Dette er ein av dei tryggare formene for gatekjøkkenmat sidan dei blir kokte og oppbevarte i ein dampkjele til dei blir selde. Corundas er ein variasjon av tamale i Michoacán som er trikantforma og pakka inn i maiskolbeblad. Dei kan etast for seg, med salsa eller i lag med eit måltid. Chiapas-versjonen av tamale har ein særskild smak, ofte med ingrediensar som pibil, molesaus, gulrot, maiskorn, egg, rosinar, mandlar, ei versjon med den regionale urta chipilín med kylling eller queso blanco og versjonar som er pakka inn i bananablad. Dei blir ofte selde av seljarar med særskilde trehjulssyklar for gateseljarar. Uchepos er tamales laga med fersk mais som generelt blir laga i Michoacán i juli og august.

Camotes mini|Camotes i Mexico by.

Camotes er ein tradisjonell rett frå sentrale og sørlege Mexico. Han er nært knytt til festivalen Dia de Muertos, eller dagen til dei døde. Camotes er trykkokte søtpotetar som blir serverte enkeltvis til kvar kunde. Tradisjonelt serverer ein dei med kondensert mjølk og krydra med chilipepar, kanel eller jordbærsyltetøy. Camoteseljarar er kjenneteikna av den særskilde, høge pipelyden skapt av vogna dei koker søtpotetene i.

Drikke I tillegg til mat er det fleire slags drikke som er populære på gatene. Aguas frescas er ein klassisk gatedrikk. Han blir ofte laga med frukt som vassmelon, mango, appelsin, lime, etc., vatn og sukker, medan andre slag er laga med ris (kalla horchata), kokosnøtt og tamarind i tillegg til ein blomete av hibiskus som blir kalla agua de Jamaica. Sør i landet er fermenterte maisdrikkar som tejuino populære og kjem i ulike former. I Tabasco, Chiapas og delar av Yucatánhalvøya er dei kjende som pozol, ofte smaksett med sjokolade og servert kalde.

Kjelder

Denne artikkelen bygger på «Antojito» frå , den 7. april 2026.

Bakgrunnsstoff

Kategori:Meksikansk mat Kategori:Meksikansk samfunn