Edvard Wilhelm Borg () var ein finsk prest og folkeskoleinspektør.

Foreldra til Borg var Karl Jakob Borg (1788-1853) og den første kona hans Kristina Elisabet Frosterus. Han gjekk på Uleåborgs trivialskole og Vasa gymnas og vart student i Helsingfors i 1851. Borg studerte teologi ved Universitetet i Helsingfors og vart ordinert som prest i Kuopio bispedømme i 1853.

Borg var prest i Liminga og Enare. Han var kapellan i Enare i 1857. Borg blei vikarierande prest i Utsjoki i 1859 og vart fast tilsett som prest i 1860. Han heldt fram med å vere vikarierande kapellan i Enare 1860-1867 inntil han blei skild frå embetet som prest i Utsjoki i 1867. Etter dette var Borg frå 1867 prest i Brahestad og Salo. Han vart prost i 1873 og fungerte som prost over heile lenet i 1884. Som siste kyrkjegjerning var Borg prest i Pieksämäki frå 1886. Han fungerte i tillegg som inspektør for folkeskolen i dei sørlege delane av Uleåborg len i 1868-1883.

I 1858 var Borg den første som tok eksamen i enaresamisk for professor Elias Lönnrot. I 1860 tok han eksamen i nordsamisk. Borg laga den første enaresamiske ABC-boka og Luthers Vähä katekismus og samla enaresamiske eventyr som han publiserte på enaresamisk med omsetjing på finsk.Otavan Iso tietosanakirja, Otava 1968, osa 1 p. 1377Siida inarinsaamelaiset : tutkimus : E. W. Borg

Edvard Wilhelm Borg var i åra 1856-1877 gift med Hilma Johanna Malmberg (d. 1877) og deretter med Karolina Vilhelmina Malmberg fram til ho døydde i 1906. Borg hadde 4 søner, dommar Carl Herman Edvard Borg (1863-1924), dokter Gabriel Gustaf Wilhelm Borg (1867-1952), administrerande direktør for Industrialistanes trygdelag, tryggingsråd Adolf Fredrik August Borg (1869-1944) og Johan Aron Arvid Borg (1878-1939), leiar for Skogskolen i Tomarniemi.

Publikasjonar

Anar sämi kiela aapis kirje. ja Ucca katkismus / Martti Lutherus ; [toim. ja kääntö Edv. Wilh. Borg]. Julk. [Inarin seurakunta], 1983 (Huomautus: Näköisp. Alkuteos julk.: Oulu : Chr. Ev. Barck, 1859)

Kjelder

Denne artikkelen bygger på «Edvard Wilhelm Borg» frå , den 8. april 2026.

Kategori:Finske prestar Kategori:Enaresamisk språk