Ludwig Bechstein () var ein tysk, protestantisk forfattar og bibliotekar.

Liv og gjerning Han voks opp i fattigdom, fyrst då han var ni år gammal tok ein slektning seg av han. Denne sende honom til gymnasiet i Meiningen og deretter i apoteklære i Arnstadt. Eit tidleg utvikla poetisk talent førte til at han fekk eit treårig stipend av hertugen av Sachsen-Meiningen. Etter heimkomsten arbeidde Bechstein som bibliotekar ved hertugbiblioteket.

Arbeidet gav han tid til omfattande litterær verksemd. Som samlar og poet vidareførte han dei folkelege tendensane frå den yngre romantikken, trass i at hans historisk-antikvariske omgang med mellomalderen svekka det lokalhistoriske draget. Dei romantiske tema i poesien hans vart elles påverka av Biedermeier-stilen.

Bechstein skreiv folkeeventyr og vidareutvikla den historiske romanen i ei rad prosaverk. Han nytta same miksen av legende og soge som Achim von Arnim i Die Kronenwächter. Bertholds erstes und zweites Leben. Det pedagogiske i Bechstein sine skrifter er openbert om ein samanliknar hans Deutsches Märchenbuch med Grimm-brørne sine Kinder- und Hausmärchen. Bechstein ville lage ei ekte barnebok, noko som forklarar alle hans inngrep i tradisjonen. Seinare gav han ut Deutsches Sagenbuch.

Eventyr og segner frå Bechstein sin penn kom i norske utgåver frå 1874 til 1920, mellom andre omsett av Nordahl Rolfsen.

Kjelder

Denne artikkelen bygger på «Ludwig Bechstein» frå , den 17. april 2026.

Kategori:Tyske forfattarar