Jens Petter Hauge () er ein norsk fotballspelar frå Bodø som frå februar 2024 gjer teneste i Bodø/Glimt. I 2022 var han med på å vinne Europaligaen i fotball med tyske Eintracht Frankfurt. Hauge er venstre flankespelar.
Karriere Klubbspel Hauge imponerte i 2016-sesongen, trass i at Bodø/Glimt rykte ned frå eliteserien. Året etter bidrog han til at laget frå Bodø rykte opp frå nivå 2. I 2018 fekk han mindre speletid i Bodø/Glimt, så hausten 2018 var han aktiv i Aalesunds FK. År 2019 enda Glimt og Hauge på andreplassen i eliteserien. I 2020-sesongen viste Hauge uvanlege kvalitetar i eit Bodø/Glimt-mannskap som sikra klubben sitt fyrste seriemeisterskap.
Før sesongen var avslutta, var Hauge den 1. oktober 2020 overført til italienske AC Milan. Med det italienske storlaget måtte han stort sett vere innbytar. Sesongen 2021/22 spelte han for Eintracht Frankfurt i Bundesliga. I Eintracht fekk han noko meir speletid, starta likevel oftast frå reservebenken, så som i finalen i Europaligaen i fotball 2021/22. Hauge kom då innpå bana i andre omgang og spelte ekstraomgangane før skotske Rangers FC vart slått i straffeskytinga. Hauge vart dermed fyrste nordmann til å vinne Europaligaen i fotball for menn. 2022/23 tente han belgiske Gent, utan større suksess. Etter ein svak haustsesong 2023 i Eintracht Frankfurt, drog han heim til Bodø/Glimt i januar 2024. Her var han med å vinne den nasjonale seriemeisterskapen i 2024. Han bidrog mykje til at Bodø/Glimt nådde semifinalen i europaligaen 2025, og oktofinale i meisterligaen 2026.
Landslagsspel Hauge fekk sin landslagsdebut som innbytar mot Romania 11. oktober 2020. Framfor 200 tilskodarar på Ullevål stadion i Oslo leia Noreg då med 4 mot 0, sluttresultatet. Fram til 9. juni 2022 deltok han i 10 landskampar, dei fleste som innbytar. Etter ein over to år lang periode utan landslagsspel, kom han 14. november 2024 tilbake i landslagsdrakta og skåra det siste målet då Noreg slo Slovenia 4–1 i Ljubljana. Per 1. april 2026 hadde Hauge delteke i 14 av Noregs landskampar og skåra ein gong.
Merittar Vinnar av europaligaen: 2022 for Eintracht Frankfurt Seriemeister: 2020 og 2024 med Bodø/Glimt
Kjelder
eu-football
Denne artikkelen bygger på «Jens Petter Hauge» frå , den 28. april 2026.
Kategori:Norske landslagsspelarar i fotball Kategori:Bodø/Glimt-spelarar Kategori:Eintracht Frankfurt-spelarar Kategori:Gent-spelarar Kategori:Milan-spelarar Kategori:Spelarar i Fotball-VM 2026