Ivar Bae () var ein norsk bankmann frå Bremsnes på Nordmøre som 1945-49 representerte kjøpstadene i Møre og Romsdal i Stortinget.
Bae arbeidde frå unge år som bokhaldar i bank. Etter ei tid som kontorsjef i Kristiansunds Sparebank, vart han i 1933 tilsett som banksjef i sparebanken. Denne stillinga hadde han til han døydde, få månader før han ville fylt 70 år. Attåt var han ei tid formann i Sparebankenes arbeidsgiverforening og formann i Sparebankenes sikringsfond.
Hausten 1945 fekk Bae den tredje og siste plassen på stortingsbenken åt kjøpstadene i Møre og Romsdal. Han var vald for Kristiansunds samlingsparti i listeforbund med Ålesund Høgre og Molde Høgre. Bae var medlem i Kommunalkomitéen og formann i Gjenreisingskomiteen for dei krigsherja byane. I 1949 var han fyrstekandidat på ei Høgre-liste for dei tre kjøpstadene, men mandata gjekk til Det norske Arbeidarparti (2) og Venstre.
Kjelder
Kategori:Stortingsrepresentantar 1945-1949 Kategori:Stortingsrepresentantar frå Høgre Kategori:Stortingsrepresentantar for Møre-byane Kategori:Lokalpolitikarar i Kristiansund Kategori:Høgrepolitikarar i Møre og Romsdal Kategori:Norske bankfolk Kategori:Folk frå Averøy Kategori:Folk frå Kristiansund