Johan Fredrik Gjesdahl () var ein norsk lærar og prest.

Prestesonen Gjesdahl vart cand.theol. i 1880. Dei neste tre åra var han lærar ved ein jenteskule i Kristiania, deretter styrte han 1883-86 den kommunale mellomskulen i Ringerike. Sidan kateket i Porsgrunn, til han i 1893 fekk jobben som sjømannsprest i Leith i Skottland. 1902–04 reiseprest for Sjømannsmisjonen. Frå 1905 busett i Bergen, fyrst residerande kapellan i Nykirken og så i Johanneskirken. Gjesdahl var frå 1905 styremedlem i Den norske sjømannsmisjon, og var elles formann i fleire lag og institusjonar lokalt.

1910–12 var Gjesdahl varamann frå valkrinsen Nordnes til Stortinget. Han møtte i Tinget i 1911 frå 24. juli og i 1912 frå 28. februar. I 1911 medlem i Næringskomite nr. 1 og i 1912 Justiskomiteen.

Kjelder Lindstøl, Tallak: Stortinget og Statsraadet 1814-1914. Kristiania, 1914. Nationen, 19. august 1944

Kategori:Stortingsrepresentantar 1910-1912 Kategori:Stortingsrepresentantar for Bergen Kategori:Stortingsrepresentantar frå Høgre Kategori:Vararepresentantar til Stortinget Kategori:Norske lutherske prestar Kategori:Norske lærarar