Marlene Ahrens () var ein chilensk idrettsutøvar som vann sølvmedaljen i spydkast under sommar-OL 1956 i Melbourne.
Ahrens var fødd i Concepción, foreldra var immigrantar frå Tyskland. I Melbourne var ho chilensk flaggberar, og den einaste kvinna på OL-laget. Ho deltok i spydkast og kneip sølvmedaljen med eit kast på 50,38 meter, ti centimeter framom bronsemedaljøren. Pr dato er ho den einaste chilenske kvinna som har vunne olympisk medalje i friidrett. Sidan vann ho spydtevlinga i dei panamerikanske leikane 1959 i Chicago og i São Paulo i 1963. Ho deltok i Sommar-OL 1960 i Roma, der ho vart nummer 12.
Etter friidrett byrja ho spele tennis. I 1967 vart ho chilensk meister i mixed double saman med Omar Pabst.
Kjelder
World Athletics
Denne artikkelen bygger på «Marlene Ahrens» frå , den 17. juni 2026.
Kategori:Chilenske friidrettsutøvarar Kategori:Spydkastarar Kategori:Olympiske sølvmedaljevinnarar for Chile Kategori:Medaljevinnarar under sommar-OL 1956 Kategori:Friidrettsutøvarar under sommar-OL 1956 Kategori:Chilenske deltakarar under sommar-OL 1956 Kategori:Friidrettsutøvarar under sommar-OL 1960 Kategori:Chilenske deltakarar under sommar-OL 1960