Take That er ei britisk gutegruppe frå Manchester som blei danna i 1989 av musikkmanageren Nigel Martin-Smith. Gruppa debuterte i 1991 med singelen «Do What U Like», som fekk ein liten suksess med 82. plass på dei britiske hitlistene. Andre singlar frå det fyrste albumet til gruppa, Take That & Party, kraup sakte, men sikkert oppover listene.

Det store gjennombrotet til gruppa kom i 1993, med albumet Everything Changes. Fem av seks singlar frå albumet gjekk til tops på dei britiske hitlistane. Suksessen heldt fram med neste album, Nobody Else, som inneheldt kanskje den best kjende låten til gruppa, «Back for Good» . I perioden 1991-1996 selde Take That meir enn 25 millionar plater. Gruppa blei på den tida skildra av BBC som det mest suksessrike britiske bandet etter The Beatles, elska av både unge og gamle.

Sommaren 1995 førte usemje innanfor gruppa og i forholdet til manageren til at Robbie Williams forlet Take That. Dei fire andre heldt fram med promotering av albumet Nobody Else, men 7. februar 1996 kunngjorde likevel dei gjenverande medlemmane at gruppa hadde valt å løysa seg opp. I ettertid blei samleplata Greatest Hits, med det som ein trudde kom til å bli den siste singelen deira, ei nyinnspeling av Bee Gees sin «How Deep Is Your Love», gjeven ut. Gruppa gjenoppstod med fire av dei fem opphavlege medlemmane i 2005, utan Robbie Williams, som for lengst hadde oppnådd stor suksess med sin eigen solokarriere.

Våren 2010 gjenoppstod gruppa med alle dei opphavlege medlemmane. 7. november slapp ho singelen «The Flood», og den 15. november kom albumet Progress i sal. Gruppa gjesta TV-programmet Skavlan den 26. november.

I 2011 turnerte Take That-medlemmene i Europa på Progress Live-turnéen for å promotera albumet. I oktober same året valde Williams å forlata gruppa igjen for å fokusera på solokarrieren, men i 2012, 2016, 2017, 2018 og 2020 har Williams opptredd med gruppa av og til. Williams planla opphavleg å returnera for ein full turne for å feira 25-årsjubileet til Take That i 2019.

Medlemmar

Gary Barlow (1989-1996, 2005-no) Mark Owen (1989-1996, 2005-no) Howard Donald (1989-1996, 2005-no)

Tidlegare

Robbie Williams (1989-1995, 2009-2014) (1989–1995, 2009–2014)

Tidsline

Diskografi

Take That & Party (1992) Everything Changes (1993) Nobody Else (1995) Beautiful World (2006) The Circus (2008) Progress (2010) Progressed (EP, 2011) III (2014) Wonderland (2017) This Life (2023)

Kjelder

Denne artikkelen bygger på «Take That» frå , den 19. juni 2026.

Bakgrunnsstoff

Kategori:Musikkgrupper skipa i 1990 Kategori:Gutegrupper Kategori:Britiske popgrupper