Niels Paaske (), også kjend under det latinske namnet Nicolaus Paschasius, var ein dansk teolog, prest og biskop i Bergens Stift frå 1616 til 1636.
Liv og virke Niels Paaske var fødd i Løgstør i Jylland. Frå 17-årsalderen gjekk Paaske latinskulen i Viborg, studerte vidare i Tyskland, Frankrike, England og Nederland, og tok magistergraden ved Københavns Universitet i 1595. Sidan var han rektor i Thisted og Ålborg, før han i 1602 vart sokneprest i Nørre Vram i Skåne, som på den tida var ein del av Danmark.
Teologisk vart Paaske påverka i kalvinistisk retning ved latinskulen i Viborg, men med tida vart han ein ivrig lutheranar. Dette vart særleg tydeleg etter at han i 1600 hadde opphalde seg hjå den lærde Holger Rosenkrantz på Kalø på Djursland. Paaske var sterk i dei klassiske språka latin og gresk, og ivra i særleg grad for det høgre skulevesenet.
Våren 1616 vart Niels Paaske Dr.theol. og ordinert til biskop i Bergen. I hans embetstid vart stiftet utvida i 1622, då Sunnmøre vart overført frå Nidaros, landbruket råka av uår og hungersnaud i 1633-34, og Bergen råka av brann i 1623 og pest i 1629. Her skal Paaske ha opptredd med praktisk og administrativ dyktigheit. Som biskop utferda Niels Paaske ei ny skuleforordning for Bergen i 1617Ei forordning frå 1617 om norske og tyske skular i Bergen (Bergensposten nr. 2, 2005) og innvigde den fyrste Nykirken i 1621.
Niels Paaske var gift to gonger, med Lucie Lauridsdatter (d. 1629) og med Anna Hansdatter Resen (1598-1650), som var dotter til Hans Poulsen Resen, biskop på Sjælland og professor ved Københavns Universitet. Etter at Niels Paaske døydde i 1636, reiste Anna Resen eit epitafium i Bergen domkyrkje i 1644. Dette gjekk tapt i den store bybrannen i 1702.
Kjelder
Kategori:Biskopar i den norske kyrkja Kategori:Danske prestar Kategori:Elevar ved Københavns Universitet