Karl Olof Alfred Bexell, kjend som Olle Bexell, () var ein svensk idrettsutøvar og barnlækjar frå Luleå. Han vart europameister i tikamp i 1938.
Liv Bexell var svensk tikampmeister 1935–38. Under dei olympiske leikane i Berlin sommaren 1936 sanka han 7 024 poeng (motsvarande 6 558 i dagens poengsystem) og vart sjuandemann i tevlinga. Sommaren 1937 presterte han livsbeste 7 337 (6 558) poeng, som også var årsbeste i verda. I sin siste tikamp gjekk han till topps ved EM i friidrett 1938 i Paris. Med 7 214 (6 870) poeng vann han gullmedaljen framom polske Witold Gierruto.
Gjennom tretti år, 1936–66, var Bexell svensk rekordhaldar i tikamp.
I 1939 var han med på å vinne den svenske handballmeisterskapen for Uppsala IF.
Bexell arbeidde som barnlækjar i Uppsala og spelte tennis til han var ei 90 år.
Kjelder
Denne artikkelen bygger på «Olle Bexell» frå , den 6. juli 2026.
World Athletics
Kategori:Svenske friidrettsutøvarar Kategori:Svenske handballspelarar Kategori:Europameistrar i friidrett for Sverige Kategori:Svenske mangekjemparar Kategori:Svenske deltakarar under sommar-OL 1936 Kategori:Friidrettsutøvarar under sommar-OL 1936 Kategori:Folk frå Luleå