Karl Hein () var ein tysk idrettsutøvar frå Hamburg som i 1936 vart olympisk meister og i 1938 europameister i sleggjekasting.
Aktiv Hein vart tysk meister i sleggjekast åra 1936, 1937, 1938. Under dei olympiske leikane i Berlin 3. august 1936 sette han olympisk rekord med eit kast på 56,49 meter og sikra seg gullmedaljen, nær halvtanna meter føre landsmannen Erwin Blask.
Sommaren 1938 forbetra Hein verdsrekorden ved to høve. 21. august i Osnabrück oppnådde han 58,24 meter. To veker seinare flytta han rekorden til 58,77 m ved EM i friidrett 1938 i Paris.
Etter andre verdskrigen vart han tysk meister i sleggjekast i 1946 og –47. Han vart tildelt Rudolf-Harbig-Gedächtnispreis i 1962.
Kjelder
World Athletics Denne artikkelen bygger på «Karl Hein (Hammerwerfer)» frå , den 7. juli 2026.
Kategori:Tyske sleggekastarar Kategori:Olympiske meistrar for Tyskland Kategori:Olympiske meistrar i sleggekast Kategori:Medaljevinnarar under sommar-OL 1936 Kategori:Tyske deltakarar under sommar-OL 1936 Kategori:Friidrettsutøvarar under sommar-OL 1936 Kategori:Europameistrar i friidrett for Tyskland Kategori:Europameistrar i sleggekast Kategori:Folk frå Hamburg