Elisabeth Gelius, kjend som Lisa Gelius, () var ein tysk friidrettsutøvar frå München som tevla på 60 meter, 100 meter, 80 meter hekk og spydkast. Ho vart europameister i spydkast i 1938.
Aktiv Gelius deltok i tre tevlingar ved verdsleikane for kvinner 1930 i Praha. Ho sprang Tyskland inn til siger i 4 x 100 meter stafett, og ho vart nummer 2 på 60 meter med 7,8 sekund og nummer 3 på 100 m på 12,6. Året etter fekk ho tre andreplassar og ein tredjeplass ved Olimpiadi delle Garzia i Firenze. Her kom ho på andreplass på 60 meter og tredjeplass på 100 m. I stafettane over 4 x 100 meter og 1000 meter sprang ho etappar for dei tyske mannskapa som begge enda som nummer 2.
Sommaren 1934 sigra Gelius i spydkast ved dei fjerde og siste verdsleikane for kvinner, som vart avvikla på White City Stadium i London.
30. juli 1938 sette Gelius verdsrekord på 80 meter hekk med 11,7 sekund. Ein dryg månad seinare kom ho i mål til sølvmedalje i øvinga under EM i friidrett 1938 i Wien. Ho vart slått med eitt tidels sekund av italienske Claudia Testoni, som med 11,7 tangerte verdsrekorden. Dagen etter kasta Gelius spydet 45,58 meter og tok gullmedaljen, framfor to kvinner som også representerte Hitler-Tyskland.
I åra frå 1928 til1940 vart Gelius tolv gongar tysk meister i friidrett. Ho var aktiv til 1950.
Kjelder
Denne artikkelen bygger på «Lisa Gelius» frå , den 9. juli 2026.
World Athletics
Kategori:Tyske sprintarar Kategori:Tyske spydkastarar Kategori:Europameistrar i friidrett for Tyskland Kategori:Folk frå München