Olav Vevle () var ein norsk skulemann frå Haus i Hordaland.

I 1882 tok han eksamen ved Stord seminar og var frå 1883 til 1896 lærar ymse stader. Han fekk så lærarpost i Bergen og underviste der, til han i 1910 vart utnemnd til skuledirektør i Bjørgvin bispedøme. Denne stillinga hadde han til 1933.

Vevle var medlem 1902–19, 1922–35 og 1938–45 i Bergen bystyre. Han var formann i bankrådet i Vestlandsbanken frå 1926 til 1943. Elles landsstyreformann 1927–35 i Det norske totalavholdsselskap og formann 1933-46 i edruskapsnemnda i Bergen. Vevle var redaktør 1894–96 i fråhaldsbladet Vaaren og 1908–10 i Fremad. I 1937 gav han ut Minne frå livsferdi og elles fleire skrifter om fråhalds- og målsak.

Vevle vart i 1947 utnemnd til heiderslem i Noregs Mållag, også heiderslem i Vestmannalaget.

Kjelder Norsk Allkunnebok. X. Bandet. 1966.

Kategori:Norske skulefolk Kategori:Målfolk Kategori:Folk frå Osterøy Kategori:Folk frå Bergen