Gustav Wegner () var ein tysk friidrettsutøvar som i 1934 vart europameister i stavhopp..
Liv Wegner var frå byen Jarocin, i dag i Polen. Han utdanna seg ved den prøyssiske høgskulen for fysisk trening i Spandau. I 1927 fekk han arbeid som turn-, symje- og rolærar i Halle an der Saale.
Åra 1929 til 1931 forbetra Wegner fleire gongar den tyske rekorden i stavhopp. Han var den fyrste tyske stavhopparen som svinga seg over 4 meter. 28. juni 1931 tok han seg over livsbeste 4,12 meter i Amsterdam. Den 7. september 1934 vann han gullmedaljen i stavhopp under EM i friidrett 1934 i Torino. Han vann tevlinga med eit hopp på 4,00 meter, like høgt hoppa svenske Bo Ljungberg, men denne måtte nøye seg med ein sølvmedalje.
Som idrettslærar fekk ikkje Wegner delta i olympiske leikar, slik var amatørreglane den gongen.
Wegner gjorde under andre verdskrigen teneste som løytnant og kompanisjef i Wehrmacht. Den 7. juni 1942 fall han på den såkalla Austfronten.
Kjelder
World Athletics Denne artikkelen bygger på «Gustav Wegner» frå , den 17. juli 2026.
Kategori:Tyske stavhopparar Kategori:Europameistrar i friidrett for Tyskland