Grødalandstunet er eit museumsanlegg og eit tidlegare gardsbruk i Hå kommune i Rogaland, som i dag blir drive av Jærmuseet. Anlegget består av husa etter to gardsbruk på dei opphavlege tuftene sine, med bygningar frå 1700- og 1800-talet som gir eit innblikk i livet på jærgardene.

Historie Grødalandstunet høyrde opphavleg til Hå bygdemuseum, som blei skipa i 1964 i samband med samanslåinga av kommunane Nærbø, Varhaug og Ogna. Før dette hadde eldsjeler i Nærbø tidleg på 1950-talet arbeidd for å etablera eit bygdemuseum, og fekk kjøpt husa på bruksnummer 1, kalla «Gamlegarden». Grødalandstunet med innbu blei overført til Rogaland Folkemuseum i 1952. I 1958 blei bruksnummer 2 selt til Nærbø skogplantingslag, og husa der blei også overførte til museet.

I 1983 blei anlegget ført tilbake til Hå kommune, og den 1. mai 2002 overtok Jærmuseet drifta.

Kjelder

Bakgrunnsstoff

Kategori:Jærmuseet Kategori:Museum i Rogaland Kategori:Kultur i Hå