Karl Magnus Fjærvoll () var ein norsk jordbruksmann frå Bø i Vesterålen.
Fjærvoll var elev ved Lade landbruksskule før han i 1906 tok eksamen ved Norges Landbrukshøgskule. Seinare studerte han ulike emne ved universitet i København, Oslo og Lund. Frå 1906 lærar på ulike jordbruksskular. I tida 1923–50 var han forsøksleiar og styrar for Statens forsøksgard på Holt i Tromsø.
Fjærvoll skreiv fleire avhandlingar om planteforsøk i Troms og Finnmark, og «har ale fram Polarbygg, Fløyabygg og Ryapoteta».Norsk Allkunnebok. IV. Bandet. 1954.
Fjærvoll var ein trugen målmann og vart i 1969 utnemnd til heiderslem i Noregs Mållag.
Kjelder
Norsk Allkunnebok. IV. Bandet. 1954.
Kategori:Norske agronomar Kategori:Målfolk