Hans Carossa () var ein tysk lækjar og forfattar frå Bad Tölz i Bayern.

Carossa vart utdanna dokter i 1903 og dreiv til 1929 ein praksis i München. Under fyrste verdskrigen gjorde han teneste som bataljonslækjar. Opplevingane derifrå skildra han i Rumänisches Tagebuch frå 1924.

Carossa skreiv elles romanar, lyrikk og memoarbøker. Tematisk sameina han utviklingsoptimisme med den fatalismen som krigsopplevingane hadde gjeve han.

Carossa var frå 1933 i stille opposisjon til det nye tyske regimet, og valde det som har vorte kalla indre emigrasjon. Trass i dette, vart hans verk framheva som gudgjevne av nazi-styresmakter.

På norsk kom forteljinga Doktor Gion, Tryllekunstneren, og diktet Den gamle brønn. Alle i 1941.

Kjelder

Denne artikkelen bygger på «Hans Carossa» frå , den 30. juli 2026.

Kategori:Tyske forfattarar Kategori:Tyske diktarar Kategori:Forfattarar frå 1900-talet