Kvitmorbær (Morus alba) er eit tre i morbærfamilien som stammar frå Kina og som blir planta som prydtre over heile verda.
Treet har ei vekstform som kan vera svært variabel. Det blir typisk mellom 5 og 6 meter høgt, men kan bli inntil 15 meter høgt. Det er lauvfellande og har mellomgrøne, breitt eggforma grovtanna blad. Blomane kjem i mai. Det har særskilte hann- og hoblomar, men dei sit på det same treet. Blomane er små og gjer lite av seg, men hoblomane blir følgde av 2-2,5 cm lange frukter som fyrst er kvite, men som seinare blir raudlege til mørkt purpurfarga. Frukta er etande og har ein søt, men litt blass smak. Treet krev ein lun vekseplass og næringsrik jord. Formeiringa skjer med frø eller stiklingar. I Noreg kan arten dyrkast i strøk med varmt klima. Fruktene mognar i månadsskiftet juli/august.
Lauv frå treet blir brukt i produksjon av silke som mat for silkeormar.
Kjelder
Denne artikkelen bygger på «Hvitmorbær» frå , den 26. august 2026.
Bakgrunnsstoff
Kategori:Morbærfamilien