Svart morbær (Morus nigra) er eit lite, lauvfellande tre med ei breikrona vekseform. Det tilhøyrer morbærfamilien. Treet stammar mest sannsynlegvis frå dei sørvestlege delane av Asia.

Skildring mini|venstre|Umogne bær. høgre|mini|portrett|Illustrasjon som viser blada og frukta til svart morbær. Legg merke til utviklinga av blomen og korleis blada sit på greina. Stammen er kort og knudrete, og greinene er utsperra. Borken er fyrst grøn og litt hårete. Seinare blir han brun, og på gamle greiner er han gråbrun og korkaktig. Knoppane sit spreidd, og dei er svarte, noko er spegla i namnet til arten. Blada er hjarteforma med grovtakka kant. I Noreg skjer bløminga i juni, men det er vanskeleg å sjå henne fordi blomane er grøne. Fruktene er samansette bær. Dei er grøne heilt til dei mognar seinare på sommaren, og blir då nesten svarte. Det latinske nigra i artsnamnet tyder ‘svart’.

Rotnettet er grovt og djuptgåande (om jorda elles er porøs nok). Fruktene har ein sterk aromatisk smak som kan minna om solbær.

Utbreiing Svart morbær har vore dyrka så lenge at ein ikkje med tryggleik veit kvar treet eigentleg stammar frå. Mykje tyder likevel på at planten er tilpassa forholda i søraustvende skråningar av Kaukasusfjella. Der finn ein viltveksande eksemplar i blanda lauvskog, saman med blant anna fiken, misfel, påfuglbusk, granateple, vinranke og kaukasisk alm. Svart morbær blir i dag òg dyrka i Europa. Planten har òg lenge vorte dyrka i sørvestlege Asia, og mange nemner dette som opphavsstaden til arten.

Dyrking og bruk Svart morbær har vore dyrka lenge på grunn av den etande frukta, og blir planta og ofte naturalisert i store delar av Aust-Europa, inkludert Ukraina. I aust blir det planta i Kina. Fruktene får ein lilla-svart farge når dei er mogne. Svart, raud og kvit morbær er utbreidde i Nord-India, Pakistan, Iran og Afghanistan. I desse landa er trea og fruktene kjende under det persiske namnet toot (morbær) eller shahtoot (شاه توت) (‘kongemorbær’). I Midtausten blir det ofte laga syltetøy og sjerbett (ein kald drink) av fruktene. Svart morbær blei innført til Storbritannia på 1600-talet, i håp om at det ville vera nyttig for å dyrka silkeormar.

Kjelder

Denne artikkelen bygger på «Sort morbær» frå , den 27. august 2026.

Bakgrunnsstoff

Kategori:Morbærfamilien