Skid Row var eit irsk bluesband som blei stifta av bassisten Brendan Sheils i 1967. Han fekk med seg Phil Lynott på vokal og etter kvart Gary Moore. Lynott forlét bandet før det gav ut noka plate, og Skid Row var ein trio med Sheils på både bass og vokal, Moore på gitar og Noel Bridgeman på trommer då platedebuten Skid kom i 1970.Irish Show Bands om Skid Row Albumet nådde 30. plassen på salslistene i Storbritannia. Bandet kom ut med oppfølgjaren 34 Hours året etter, men blei oppløyst året etter der igjen.Irish Show Bands om Skid Row

Shiels har teke opp att Skid Row ved nokre høve i samband med konsertar, men har oftere operert som soloartist. I 1981 gav han ut ein EP under namnet Skid Row med ei innspeling av «House of the Rising Sun»«Skid Row – House of the Rising Sun» på Rock Roots: The Irish Rock Music Archive 12. mars 2012 og i 1990 ein sjutommar med «Comin' Home Again» og «Flight Of Earls» av Liam Reilly, om flukta til fleire gæliske jarlar frå Irland i 1607. I 2012 kom albumet Bon Jovi Never Rang Me, der tittelen viser til ein disputt om bandnamnet med amerikanske Skid Row, der Jon Bon Jovi skal ha vore involvert.«Skid Row – Comin’ Home Again / Flight Of Earls» på Rock Roots: The Irish Rock Music Archive 3. mai 2012

Album

Skid (1970) 34 Hours (1971) Bon Jovi Never Rang Me (2012)

Kjelder

Denne artikkelen bygger på «Skid Row (irsk band)» frå , den 18. september 2026.

Kategori:Musikkgrupper skipa i 1967 Kategori:Irske rockegrupper