mini|Tropisk lauvfallande skog i Khao Yai nasjonalpark i Thailand. Tropisk lauvfallande skog er ein type fuktskog og eit biom som dekkar tropiske strøk som har tørketid.

Årsnedbøren kan på visse stadar vera minst like høg som i regnskogen, men fordelinga over året er mindre jamn. Den tropiske lauvfellande skogen har størst utbreiing i Søraust-Asia og i India, men slik skog finst òg andre stadar, til dømes i Afrika. Dette er blant dei tettast folkesette områda på jorda, og skogen er blitt kraftig desimert på grunn av jordbruk. Dei gjenverande skogane blir utsette for plantasjedrift og treslagskifte, sidan verdfulle treslag som teak blir planta i stor skala.

Vegetasjon Skogen skil seg frå den tropiske regnskogen ved at han er mindre artsrik og mindre høgvaksen. Dei fleste artane som dannar det øvre, dominerande kronetaket feller lauvet i den tørre årstida. Artane i undersjiktet er ofte eviggrøne. Til skilnad frå regnskogen dannar mange treslag nokså einsarta bestander. Teak er eit vanleg treslag, og bambus er særmerkt for dette biomet. Dødt organisk materiale hopar seg opp på bakken i tørketida, men blir raskt brote ned i regntida. Skogbrann er ein viktig økologisk faktor.

Kjelder

Denne artikkelen bygger på «Tropisk lauvfellende skog» frå , den 26. september 2026.

Kategori:Biom Kategori:Skogar