Šumperk okres er eit distrikt (tsjekkisk okres, fleirtal okresy) i regionen Olomouc kraj i Tsjekkia. Det ligg litt nord i regionen og grenser i aust mot regionen Mähren-Schlesien, i vest mot Pardubice kraj med ei kort grense mot Polen i nord.
Administrativ inndeling Distrikta vart avvikla som administrative einingar i 2003, men dei har framleis ein funksjon for aktivitetane til ulike etatar og for statistiske føremål. Det administrative ansvaret til distrikta vart ført over til administrative område til kommunar med utvida fullmakter (tsjekkisk správní obvody obcí s rozšířenou působností, forkorta SO ORP).
Dei administrative områda til kommunar med utvida fullmakter i Šumperk okres:
Mohelnice SO Šumperk SO Zábřeh SO
Folketal i distriktet Folketalet i distriktet i dei siste folketeljingane: Folketal 2001 Folketal 2011 Folketal 2021 Mohelnice SO 18 825 18 671 18 313 Šumperk SO 73 601 69 405 66 016 Zábřeh SO 33 929 33 223 32 210 Šumperk okres 126 355 121 299 116 539
Byar i distriktet Tabellen viser bykommunane i distriktet. Bykommunar med utvida fullmakter er utheva. By Folketal 2021 Šumperk 25 182 Zábřeh 13 479 Mohelnice 9 141 Loštice 2 858 Hanušovice 2 819 Štíty 1 913 Staré Město 1 563 Úsov 1 087
Merknader
Kjelder
Bakgrunnsstoff
Sumperk Sumperk