Northfleet er ein by i Gravesham i Kent i England. Ho ligg rett vest for Gravesend, og på grensa mot Borough of Dartford. Northfleet har ein jernbanestasjon på North Kent Line, like aust for Ebbsfleet internasjonale jernbanestasjonen på High Speed 1-linja. Ved folketeljinga i 2021 hadde Northfleet 29 900 innbyggjarar (runda til næraste 100).

Geografi Namnet til Northfleet kjem frå at byen ligg på den nordlege breidda av elva som tidlegare blei kalla River Fleet, i dag kjend som Ebbsfleet. Det ligg ein landsby på andre sida av elva som heiter Southfleet.

Historie og næringsliv Watling Street, ein romarveg som dannar grunnlaget for hovudvegen A2 frå London til Dover, deler området i to.

Romarane byrja fyrst å grava ut krit i området. Lenge etterpå blei dette byrja til å laga sement. Industrien treng mykje vatn og krit som hovudingrediens, og begge var til stades her. Då James Parker i 1796 sette opp omnar ved Northfleet for å laga oppfinninga si «romersk sement», var det byrjinga på eit stort kompleks av sementverk langs denne strekninga av elva. I april 1846 byrja framstillinga av portlandsement då William Aspdin, sonen til oppfinnaren av det Joseph Aspdin, kjøpte verksemda til Parker og bygde nye omnar.

Kimberly-Clark papirfabrikk, tidlegare Bowaters og Bowater-Scott, blei grunnlagd i 1923 og framstiller toalettpapiret Andrex.

Britannia Refined Metals, som no er ein del av Glencore, har eit raffineri som produserer bly og sølv i Northfleet.

Kjende folk frå Northfleet

Stan Aldous (1923-1995), fotballspelar Cyril Beldam (1869-1940), cricketspelar Hilda Braid (1929-2007), skodespelar Barry Ditchburn (1949), profesjonell motorsykkelracer Arthur Gouge (1890-1962), flyingeniør Arthur Greenslade (1923-2003), arrangør og dirigent. Simon Hinks (f. 1960), cricketspelar. Thomas Pitcher (1745-1837), skipsbyggjar William Charles John Pitcher (1858-1925), teaterkostymedesignar og scenograf Richard Southwood (1931-2005), zoolog Thomas Sturge (1786-1866), handelsmann og sementprodusent William Bradbery (1776-1860), engelskkarse-entreprenør

Kjelder

Denne artikkelen bygger på «Northfleet» frå , den 22. oktober 2026.

Bakgrunnsstoff

Kategori:Byar ved Themsen Kategori:Byar i Kent