Papilio er ei stor slekt av sommarfuglar i gruppa svalestjertar. Slekta omfattar i dag fleire artar som tidlegare var plasserte i eigne slekter.

Namn Det vitskaplege namnet Papilio tyder ‘sommarfugl’ på latin, og var det namnet Linné sette som slektsnamn på alle dagsommarfuglane. Seinare er tydinga blitt vesentleg innsnevra.

Utsjånad mini|venstre|Papilio clytia

Papilio er store sommarfuglar, mange har ein lang stjert på kvar bakveng. Antennene er nokså lange og kraftfulle, kroppen slank og lite hårete. Vengene er store. Mange artar er gule med svarte teikningar, eller mørkfarga. Ein del artar har ein noko avvikande utsjånad fordi dei etterliknar giftige artar i andre sommarfuglefamiliar, særleg monarksommarfuglar (Danainae). Svalestjert-artane etterliknar òg kvarandre, slik at ikkje-giftige arter kan likna mykje på giftige. Dette kan vanskeleggjera bestemminga av artane.

Larvane er nakne og ofte ganske fargerike. Dei kan skyta ut pølseliknande vedheng (osmeteriar) frå «nakken», desse spreier sterkt luktande stoff som åtvarer om at larvane er giftige og/eller usmakelege.

Den største arten er den afrikanske Papilio antimachus, som er ganske slankvenga, oransje og svart. Vengespennet kan nå opp til 23 centimeter. Denne arten ser ut som ei kjempestor utgåve av dei giftige sommarfuglane i gruppa Acraeini, og det er truleg at han etterliknar desse til trass for at han er mange gonger så stor som dei. Sommarfuglen er òg sjølv svært giftig.

Levevis mini|Larve av Papilio machaon. Larvane kan utvikla seg på mange ulike plantegrupper, men har ei viss forkjærleik for plantar som inneheld sterke giftstoff, som larvene nyttar til å verna seg. Dei vaksne sommarfuglane vitjar gjerne blomar for å drikka nektar. Eit særtrekk ved mange svalestjertar er at dei held fram med å røra vengene etter at dei har slått seg ned på ein blome, og dei er berre nokre få sekund på kvar blome, slik at ein får inntrykk av at desse sommarfuglane alltid har hastverk.

Utbreiing Medan dei andre svalestjert-slektene stort sett har ganske avgrensa utbreiingar, finst slekta Papilio over heile jorda bortsett frå i dei kaldaste områda. I Noreg har ein funne svalestjert like nord til Finnmark, men det er usikkert om han har hatt faste bestandar så langt nord. Det er mogleg at den tilsynelatande store utbreiinga kjem av at slekta Papilio ikkje er ei naturleg gruppe, men ei samling av svalestjertar som ikkje passar inn i andre slekter.

Galleri

Kjelder

Denne artikkelen bygger på «Papilio» frå , den 25. oktober 2026. oppgav desse kjeldene:

Eliasson, C.U., Ryrholm, N., Holmer, M. Jilg, K. & Gärdenfors, U. 2005. Nationalnyckeln till Sveriges flora och fauna. Fjärilar: Dagfjärilar. Hesperiidae – Nymphalidae. ArtDatabanken, SLU, Uppsala. ISBN 91-88506-51-7 www.funet.fi – Lepidoptera database Papilionidae – revised GloBIS/GART species checklist

Bakgrunnsstoff

Kategori:Sommarfuglar