Ein heilagdag eller helgedag er i ein høgtidsdag avsett til gudstenestelege handlingar. Offentlege heilagdagar er i Noreg dagar med lovfesta heilagdagsfred.

Heilagdagsfreden har til formål å verne om gudstenesta og om den allmenne freden på heilagdagane og gje høgtida ro og vørdnad.

Heilagdagslovgivinga vernar òg arbeidstakarane sine rettar til å få fri frå arbeid på heilagdagane. Heilagdagsfredning kan òg gjelde innan fiskeri, slik at det er forbode å setje eller trekke fiskereiskap på visse heilagdagar.

Heilagdagslovgivinga gjeld frå midnatt natta før heilagdagen og til klokka 24. Julaftan, påskeaftan og pinseaftan er helgedagsaftnar; då startar heilagdagsfreden klokka 1600. 1. mai og 17. mai er offentlege høgtidsdagar og langt på veg jamstilt med søndagar, men ikkje når det gjelder føresegner om kyrkjelege handlingar eller heilagdagsfreden.

+ Heilagdagar og offentlege høgtidsdagar i Noreg Dato Namn Merknader 1. januar Nyårdagen   Sju dagar før Påskedagen Palmesøndag   Tre dagar før Påskedagen Skjærtorsdag   To dagar før Påskedagen Langfredag   1. søndag etter 1. fullmåne etter vårjamdøgn Påskedag   Dagen etter Påskedagen Andre påskedag   1. mai Første mai (Internasjonal arbeidardag) Offentleg høgtidsdag 17. mai Grunnlovsdagen Offentleg høgtidsdag 40. dagen etter Påskedagen Kristi himmelferdsdag eller Helgetorsdag   50. dagen etter Påskedagen Pinsedagen   51. dagen etter Påskedagen Andre pinsedag   25. desember Juledagen   26. desember Andre juledag   Elles kvar Søndag Alle søndagar er heilagdagar etter lova

+ Dei viktigaste kyrkjelege festdagane i Noreg 2009-2016 Namn 2009 2010 2011 2012 2013 2014 2015 2016 Fastellavnssøndag 22. februar 14. februar 6. mars 19. februar 10. februar 2. mars 15. februar 7. februar Maria bodskapsdag 22. mars 21. mars 27. mars 25. mars 17. mars 23. mars 22. mars 13. mars Påskedagen 12. april 4. april 24. april 8. april 31. mars 20. april 5. april 27. mars Kristi himmelferdsdag 21. mai 13. mai 2. juni 17. mai 9. mai 29. mai 14. mai 5. mai Pinsedag 31. mai 23. mai 12. juni 27. mai 19. mai 8. juni 24. mai 15. mai Bots- og bededag 25. oktober 31. oktober 30. oktober 28. oktober 27. oktober 26. oktober 25. oktober 30. oktober Helgemessesøndag 1. november 7. november 6. november 4. november 3. november 2. november 1. november 6. november 1. søndag i advent 29. november 28. november 27. november 2. desember 1. desember 30. november 29. november 27. november

Bakgrunnen for dei kristne heilagdagane er det tredje bodordet om å holde kviledagen heilag. Dei første kristne heldt som jødane den sjuande dagen (laurdagen) som kviledag, i samsvar med tradisjonen frå Det gamle testamentet. Etterkvart byrja dei kristne å feire Jesu oppstode på søndagen, og søndagen tok plassen frå sabbaten som heilagdag. Likevel er det nokre kristne samfunn, mellom dei adventistane, som held på laurdagen som kviledag.

Talet på heilagdagar varierer frå land til land, og det har variert gjennom tidene. Heilagdagane var frå gammalt fastsett i Kristian den femtes norske lov. I Danmark og Noreg vart talet på heilagdagar kraftig redusert frå 1771 gjennom Festdagsreduksjonen. Etter siste krig vart bots- og bededagen flytt til etterfølgjande søndag, og første mai vart innført som offentleg høgtidsdag.

Kjelder Almanakk for Noreg 2008, Universitetet i Oslo ISBN 978-82-05-36607-7

Bakgrunnsstoff Lov om helligdager og helligdagsfred Lov om 1 og 17 mai som høgtidsdager Fiske og fangst i sjøen på søn- og helligdager

Kategori:Kristne høgtider Kategori:Arbeidsliv