Premuda er ei lita øy i Adriahavet i Kroatia. Ho høyrer til dei nordlege dalmatiske øyane, og ligg nordvest for byen Zadar. Premuda er om lag 10 km lang, og har eit areal på 9,2 km². Ho ligg sørvest for øyane Silba og nordvest for Škarda. Administrativt høyrer Premuda til kommunen Zadar i Zadar fylke.

Landsbyen Premuda har vel 50 innbyggjarar, men dette talet aukar mykje på sommaren. I landsbyen dyrkar ein oliven og avlar sauer, og dei siste åra har turismen på øya auka. Det ligg tre restaurantar på øya.

Premuda er ein populær stad for dykkarar, og har nokre svært populære dykkestader. «Katedrala» er eit system av grotter med vakkert lys som skin gjennom det porøse taket i grottene. Ein annan populær dykkestad er vraket av det austerriksk-ungarske slagskipet Szent István, som ligg på eit djup omkring 40-60 meter og derfor berre tilgjengeleg for erfarne dykkarar.

Folketal Folketalet på øya ved dei siste folketeljingane var:

Folketal 2001 Folketal 2011 Folketal 2021 Premuda 58 64 65

Kjelder Referansar

Bakgrunnsstoff

Bilete frå Premuda Dykkeinformasjon

Kategori:Øyar i Kroatia