mini|300px|Lokomotivet NSB El. 18 dreg eit tog over Hardangervidda mini|300px|Kart over kor Bergensbana går hen mini|Snørydding 1908 mini|Begna bru over Ådalselva (del av elva Begna) rett utanfor Hønefoss stasjon er ei 216 meter lang steinbru som vart bygd for Bergensbana på strekninga mellom Hønefoss og Roa, den noverande Roa-Hønefosslina. mini|Frå samankoplinga av bana mellom aust og vest ved Ustaoset.
Bergensbanen eller Bergensbana er ei 50 mil lang einspora jarnbaneline mellom Bergen og Oslo. Lina er den høgastliggjande hovudlina i Europa ved å krysse Hardangervidda, med 1238 meter over havet som høgaste punktet på den noverande traseen. Lina vart opna av kong Haakon VII på Voss stasjon den 27. november 1909, og har vorte ein populær turistattraksjon.
Historie Tanken om ei bane mellom Oslo og Bergen vart lansert 24. august 1871 av forstmeister A.T. Gløersen, i ein artikkel trykt i Bergensavisen. Initiativet har gjeve han heiderstittelen «Bergensbanens far». Framlegget hans vart møtt med skepsis frå mange hald. Hovudinnvendingane gjekk på at bygginga ville bli svært kostbar, at banen ikkje ville vere til særleg nytte for godstransporten og at bana lokalt var til avgrensa nytte sidan ho for ein stor del gjekk gjennom folketomme område. Dessutan ville vêrtilhøva gjere det vanskeleg å halde bana open vinterstid. Vossabana mellom Bergen og Voss blei opna i 1883, og ho gjekk etter traséen som òg var teken fram for Bergensbana. Då Stortinget endeleg tok ei avgjerd i 1894, etter eit lengre ordskifte om kva veg jarnbanelina skulle ta vidare over fjellet, valde innanriksminister Johan Thorne å trekkje seg. Hovudargumentet for bana var den lange reisetida mellom Bergen og Oslo; ei båtreise tok meir enn 50 timar. Mellom andre argument som vart trekte fram i debatten, var dei røynslene Fridtjof Nansen gjorde om landskapet då han i 1884 gjekk på ski over fjellet. Fyrst vart lina mellom Voss og Taugevatn godkjend av Stortinget, i 1898 vart resten av lina godkjend.
Bygginga av Bergensbana var ei stor økonomisk satsing for staten. Bana kosta om lag eit halvt norsk statsbudsjett i 1909, eller ca 2,5 prosent av BNP.
Bygginga av bana var ei stor utfordring. Lina måtte leggjast i ugjestmildt terreng høgt over havet, i ein region utan vegar. Vinterstid var og er det fleire meter med snø. Strekninga mellom Voss og Myrdal vart opna sumaren 1906. Heile lina vart opna for passasjertrafikk 27. november 1909.
Frå fyrste stund var Bergensbana ein suksess målt i trafikktal. Han fekk snart tre gonger så mange reisande som Rørosbana mellom Trondheim og Oslo. I 1920–21 reiste 3,7 millionar passasjerar med bana. Dei mørke spådomane om ugjerlege vêrtilhøve slo heller ikkje til.
I 1957 var dei gamle damplokomotiva avløyste av dieseldrivne lokomotiv. I 1964 var jarnbana ferdig elektrifisert. I 1984 byrja difor NSB å køyre dei fleste persontoga om Drammen i staden for om Roa.Grindvoll.com - nettstaden mellombels nede 05.10.2010 (finn meir om årsaka til omlegginga)
Jernbaneanlegget
Bergensbana hadde i 1909 ei lengd på 493 km. Bana hadde 182 tunnelar, med ei total lengd på 73 km. Den lengste tunnelen var han ved Trollkona, litt over 8 kilometer lang. Den lengste tunnelen i dag er, bortsett frå Liertunnelen på 10 700 meter, som eigentleg høyrer til Drammensbana, Finsetunnelen som er 10 300 meter lang og som stod ferdig i 1993. Den lengste brua på Bergensbana mellom Hønefoss og Bergen er Kongsnutbrua på 160 m, opna 1994. Den høgastliggjande stasjonen er Finse stasjon (1222 moh.), og det høgaste punktet på lina var Fagernut ved Taugevatn (1301 moh.). I dag er lina 409 km og høgaste punkt, 1238 moh., ligg inni Finsetunnelen.Jernbaneverkets side om Bergensbanen Innkortinga kjem av bygging av fleire tunnelar, mellom anna Ulrikentunnelen.
Dei fullstendige planane for Bergensbana omfatta ei Ringeriksline direkte frå Hønefoss til Oslo. Men for å spare pengar vart den såkalla «grisekrøllen» om Roa i Lunner kommune vald i staden. Strekninga mellom Hønefoss stasjon i Ringerike kommune og Roa stasjon vart opna i 1909, og med det vart Bergensbana knytt til Gjøvikbana, og toga køyrde på Gjøvikbana inn og ut av Oslo. Gjøvikbana var knytt til jarnbanestasjonen Oslo Ø, som såleis vart stasjonen i Oslo for persontoga mellom Oslo og Bergen. For før Oslotunnelen vart bygd og Oslo Sentralstasjon opna, var det i Oslo to åtskilde endestasjonar for kvart sitt nett av jarnbaneliner, Oslo V for Drammensbana og Oslo Ø for dei andre jarnbanelinene inn til byen.
Ei anna rute mellom Hønefoss og Oslo går over dei to banene Randsfjordbana om Hokksund til Drammen stasjon, og Drammensbana mellom Drammen og Oslo. Etter at Liertunnelen mellom Lier og Asker stasjon vart opna på 70-talet, og Oslotunnelen og Oslo Sentralstasjon seinare vart opna, vart Drammensbana merkbart kortare og dobbeltspora heilt fram til sentralstasjonen, og i den seinare tida kom dessutan høgfartsbana Askerbana til som køyreveg på mykje av strekninga. I våre dagar går difor persontoga på Bergensbanen om Drammen, med dei føremonane dette gjev for dei av passasjerane på Bergensbana som skal til eller frå desse folkerike områda, eller som òg skal nytte toga på Vestfoldbana eller Sørlandsbana på ein del av reisa, og kan byte tog på Drammen stasjon. Strekninga frå Hønefoss stasjon til Roa stasjon vart etter denne omlegginga berre nytta av godstoga mellom Bergen og Oslo, som framleis skal gå over Gjøvikbana, og har no fått namnet Roa-Hønefosslina.
Både lina om Hokksund og Drammen og lina over Roa er ein stor omveg og eit tidstap for dei som skal reise snøgt mellom stasjonane på strekninga mellom Bergen, Hallingdal, Hønefoss og Oslo. Jernbaneverket arbeider difor med planane om å byggje ei ny og stuttare line, kalla Ringeriksbana, mellom Hønefoss og fram til Askerbana/Drammensbana i Sandvika i Bærum kommune. Dette vil korte ned Bergensbana med om lag 60 km og reisetida med om lag 50 minutt.JBV: Ringeriksbanen
Trafikk På Bergensbana går det no (2025) fire daglege avgangar kvar veg på heile distansen. Reisetida varierer frå 6 timar og 32 minutt på det raskaste ettermiddagstoget til 7 timar og 23 minutt på det langsamaste nattoget.
Turisme Bergensbana er i seg sjølv eit turistmål, som fleire gonger er rangert blant dei vakraste togreisene i verda.
Jernbanelina er i dag eit populært turistmål. Den gamle arbeidarvegen Rallarvegen ligg tett inn til lina og er eit populært turmål, NSB leiger ut syklar mellom anna på Finse. Frå Myrdal går det ei sidebane til Flåm ved Sognefjorden (Flåmsbana). Hardangerbana frå Voss til Granvin i Hardanger vart nedlagd i 1988.
mini|220px|Bergensbana mellom Finse og Haugastøl, filma av NRK. (høg oppløysing)
Stasjonar på Bergensbana Stasjon Opna (årstal) Høgd (moh.) Avstand fråOslo (km) Avstand frå Bergen (km)100px Oslo S 1854/1981 2 0 493 100pxLysaker 1872 7,5 7,00 100px Asker 1872 104 24 469100px Drammen 1866 2 41 452100px Hokksund 1866 8 58 435100px Vikersund 1866 67 84 409100px Hønefoss 1866 96 112 381 100px Flå 1907 155 174 319100px Nesbyen 1907 168 208 285100px Gol 1907 207 225 268100px Ål 1907 436 250 243100px Geilo 1907 794 275 218100px Ustaoset 1912 990 286 207100px Haugastøl 1908 988 297 196100px Finse 1908 1222 324 169100px Hallingskeid 1908 1110 345 148100px Myrdal 1908 867 358 135100px Upsete 1908 850 364 129100px Mjølfjell 1908 627 376 117100px Voss 1883 57 407 86 100px Dale 1883 43 447 46100px Arna 1964 8 483 10100px Bergen 1913 2 493 0
Kjelder Trond Bergh: Bergensbanen 100 år i Almanakk for Noreg 2009 JBV: Bergensbanen- historie Jernbanestatistikk 2007 (PDF) Fotnotar
Sjå òg Om den opphavlege Bergensbanen på strekninga mellom Hønefoss og Oslo, sjå Roa-Hønefosslinja og Gjøvikbanen.
Kategori:Norske jarnbanar Kategori:Jarnbanestrekningar i Noreg med persontrafikk Kategori:Jarnbanestrekningar i Buskerud Kategori:Jarnbanestrekningar i Vestland Kategori:Byggverk i Bergen Kategori:Samferdsle i Bergen Kategori:Byggverk i Flå Kategori:Samferdsle i Flå Kategori:Byggverk i Gol Kategori:Samferdsle i Gol Kategori:Byggverk i Ål Kategori:Samferdsle i Ål Kategori:Byggverk i Nesbyen Kategori:Samferdsle i Nesbyen Kategori:Byggverk i Hol Kategori:Samferdsle i Hol Kategori:Byggverk i Ringerike Kategori:Samferdsle i Ringerike Kategori:1909 i Noreg Kategori:Jarnbanestrekningar opna i 1909 Kategori:Utvalde artiklar 2009