Bengtskär er eit skjer 25 km sørvest for Hangö i Finland, og er ein del av kommunen Dragsfjärd. Skjeret er den sørlegaste busette staden i Finland, og ein kan kome her med båt frå landsbyen Kasnäs.

Fyret på skjeret er det høgaste i Norden med 46 meter. Det vart bygd i 1906, og etter at det forfall i 1980-åra, vart det opna på ny i 1995, som det første fyrmuseet i Finland.

Fyret vart bombardert under både den første og den andre verdskrigen.

Bakgrunnsstoff

Bengtskär fyr

Kategori:Øyar i Finland Kategori:Fyr i Finland