Le Havre er ein by i Normandie, nord i Frankrike ved Den engelske kanalen og munningen til Seinen. Han har eit folketal på om lag 190 000 innbyggjarar, medan storbyområdet i 1999 hadde 296 773 innbyggjarar.

Byen var anløpshamn for franske passasjerdamparar som gjekk over Atlanterhavet til USA, og byen vert derfor kalla «La Porte Océane». Han er den største byen i Normandie, føre Rouen, og den femte største eksporthamna i Frankrike.

Le Havre har vore på verdsarvlista til UNESCO sidan juli 2005. Byen har eit universitet og ein sterk sportskultur med «Le HAC», den eldste profesjonelle fotballklubben i Frankrike.

Administrasjon Le Havre er ein kommune og sous-préfecture (underprefektur) i departementet Seine-Maritime, som igjen er ein del av regionen Normandie Den noverande borgarmeisteren i Le Havre er Antoine Rufenacht.

Geografi Le Havre ligg i nærleiken av byane Montivilliers, Harfleur, Gonfreville-l'Orcher. Elva Seinen skil Le Havre frå Honfleur. I aust ligg Pont de Normandie.

Historie Byen vart grunnlagd i 1517 med namnet Franciscopolis etter Francis I av Frankrike, og så omdøypt til Le Havre-de-Grâce («Nåden si hamn»). Le Havre tyder rett og slett «hamna». Byen vart bygd for å erstatte dei gamle hamnene i Honfleur og Harfleur, som det var vanskelegare å nytte på grunn av slamavleiring. Historia til byen er tett knytt til hamna. På 1700-talet byrja byen å vekse då handelen frå Vest-India til Frankrike og Europa auka i omfang. På 1800-talet vart byen eit industrisenter.

Byen vart øydelagd under Operasjon Overlord i Normandie under den andre verdskrigen. 5 000 menneske vart drepne, og 12 000 heimar vart totalskadd. Sentrum i byen vart bygd opp att i modernistisk stil av Auguste Perret.

Folk frå Le Havre Georges de Scudéry (1601–1667), dramatikar, lyrikar og romanforfattar Madeleine de Scudéry (1607–1701), forfattar

Bakgrunnsstoff

Turisme Bilete av verdsarvbyen Le Havre

Kategori:Byar i Normandie Kategori:Franske hamnebyar ved Den engelske kanalen Kategori:Seine-Maritime Kategori:Verdsarv i Frankrike Kategori:Busetnader grunnlagde i 1517