Lokøyna er ei øy vest for Bergen i Vestland fylke. Øya ligg vest av øya Sotra, og høyrer til Øygarden kommune. Lokøyna ligg sør for Algrøyna, og nord for Hissøyna.
I 1677 vart Lokøyna angripe og plyndra av eit fransk kaperskip.Halvor Skurtveit et al. (red.), Fjell bygdebok, bd. II (Fjell kommune, 2005)
Seint på 1800-talet og tidleg på 1900-talet vart det vunne ut feltspat for eksport på øya.
I 1982 skal det ha vore berre 40 fastbuande på øya, men etter at vegsambandet kom, har folketalet auka att.
Folketalsutvikling: 1801Folketeljing 1801 for Sund prestegjeld, frå Digitalarkivet 1900Folketeljing 1900 for Fjell herred, frå Digitalarkivet 1950 2000Befolkning, etter grunnkrets, statistikkvariabel og år, frå Statistisk sentralbyrå 2023 37 108 1491 1281 1321 1Med Flògo og Risholmen
Kjelder
Bakgrunnsstoff Flyfoto Lokøy 1961 Flyfoto Lokøy 1968
Kategori:Øyar i Øygarden