Seine-Maritime er eit departement nord i Frankrike. Departementet ligg i regionen Haute-Normandie, og er kalla opp etter elva Seinen. Fram til 1955 vart departementet kalla Seine-Inférieure.

Historie Seine-Inférieure var eit av dei 83 opphavlege departementa som vart oppretta 4. mars 1790 under den franske revolusjonen. Det vart danna frå delar av den tidlegare provinsen Normandie. I 1955 skifta departementet namn til Seine-Maritime.

Geografi Departementet er i dag ein del av regionen Haute-Normandie og grensar til departementa Somme, Oise og Eure, i tillegg til Den engelske kanalen i nord og vest. Den viktigaste elva er Seinen, som munnar ut i Den engelske kanalen ved Le Havre.

Departementet inneheld kalkplatået i Pays de Caux og klippene ved kysten. Det finst to typar landskap her. Det tørre kalkplatået er hovudsakleg flatt og vert nytta til jordbruk. I tillegg er det forholdsvis djupe dalar gravne ut på platået. Dette er ofte noko overraskande for vitjande i området, sidan dei stort sett ikkje er synlege frå dei fleste områda av platået.

Demografi Innbyggjarane i departementet vert på fransk kalla Seinomarins / Seinomarines.

Kultur Handlinga i romanen La Place av Annie Ernaux finn stort sett stad i Seine-Maritime og skildrar hendingar og endringar som finn stad her på 1900-talet.

Bakgrunnsstoff

Prefekturet si nettside Offisiell nettside

Kategori:Franske departement