Dr. Linda B. Buck () er ein amerikansk biolog. Ho vart tildelt Nobelprisen i medisin for 2004 saman med Richard Axel for studiane sine av luktreseptorar.
Buck og Axel skreiv først om det banebrytande arbeidet sitt, som opna vegen for å analysera luktemekanismane på genetisk og molekylært nivå, i 1991. Dei påviste at luktreseptorar høyrde til var G-proteinkopla reseptorar. Ved å analysera rotte-DNA slo dei fast at det finst rundt tusen ulike genar for luktreseporar i genomet til pattedyra.
Linda Buck vart fødd i Seattle i den amerikanske delstaten Washington. Ho tok bachelorgrad i psykologi og mikrobiologi i 1975 ved universitetet i byen, og tok doktorgrad i mikrobiologi ved University of Texas i Dallas i 198. Deretter arbeidde ho for Richard Axel ved Columbia University i New York. Ho arbeider no ved Buck Lab ved Fred Hutchinson Cancer Research Center med tilknyting til University of Washington og Howard Hughes Medical Institute.
Hovudinteressa til Buck er korleis nasen oppfattar lukter og feromon, og korleis hjernen tolkar dei. Ho ser òg på mekanismane bak aldring gjennom å studera puberteten til mus og livsløpet til nematoden Caenorhabditis elegans.
Kjelder
Bakgrunnsstoff Profil av forskingsinteresser og verkliste (engelsk) Kort biografi på Howard Hughes Medical Institute (engelsk) Presentasjon av nobelprisvinnarane Axel og Buck (engelsk)
Kategori:Nobelprisvinnarar frå USA Kategori:USA-amerikanske biologar Kategori:Nobelprisen i medisin Kategori:Folk frå Washington Kategori:USA-amerikanske legar